Eksfin - Innovasjon Norge Helge Gjerde - Kaare Haahjem - Stig Gjethammer - Anne Britt Høydal Foto Marius Rosbach
NYE TILSETTE: Kaare Haahjem (nr.2 f.v.) er nytilsett i Eksfin i Ålesund,medan Anne Britt Høydal (t.h.) er ny på kontoret til Innovasjon Norge. Regiondirektør Helge Gjerde (t.v.) og seniorrådgivar Stig Gjethammer i Eksfin sett pris på nye kollegaer. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Etterlengta krefter til eksportsatsing

Ålesund-kontora til Eksfin og Innovasjon Norge ser kriseteikn – men er overtydd om at dei to nytilsette får nok å gjere framover.

Marius Rosbach
21.01.2023

Regjeringa si eksportsatsing i Ålesund er i ferd med å ta form. Kaare Haahjem og Anne Britt Høydal er dei første nye tilsette ved kontora til høvesvis Eksfin og Innovasjon Norge i byen.

«Eg høyrer til her», seier Kaare Haahjem på kav sunnmørsk. Han har familie i hovudstaden og jobbar annakvar veke i Ålesund og Oslo som seniorrådgivar for Eksfin.

Etter at Stig Gjethammer i ei årrekke har vore den einaste tilsette utanfor hovudstaden i eksporteininga, synest han det er kjekt å få ein kollega.

– Det var overmodent å få inn ein ressurs til. I utgangspunktet er det mykje å ta tak i her i regionen, seier han.

Kjem med erfaring frå fiskeri og havbruk
Eit miljø med fleire personar gjer dei meir føreseielege. Og med to på kontoret kan dei steppe inn for kvarandre, om den eine ikkje er på plass, påpeiker Gjethammer.

Nytilsette Haahjem har budd i Oslo sidan han var ferdig utdanna. Etter nokre år i bankvesenet, starta han i det som den gong heitte Eksportfinans i 2010.

– Eg har vore på fiskeri- og havbruksteamet, og hatt mykje med Stig å gjere heile vegen, fortel han.

Haahjem har vore i den nye stillinga sidan oktober. Han har allereie har opplevd å kunne utgjere en skilnad i prosjekt der banken i utgangspunktet hadde tenkt til å seie nei til.

– Det er tilfredsstillande å sjå at den jobben vi gjer hjelper, seier han.

Kaare Haahjem Anne Britt Høydal foto Marius Rosbach
FELLESSKAP: Både Innovasjon Norge, Eksfin og Norges Forskningsråd har kontor i lokala der Kaare Haahjem og Anne Britt Høydal jobbar. Foto: Marius Rosbach

Planar om oppbemanning
Styrkinga av eksportapparatet i distrikta – og Nordvestlandet - har vore etterlyst i fleire år. Mellom anna Stig Remøy sette saka på kartet då han tok til orde for å flytte dei statlege einingane frå hovudstaden til Ålesund.

I kjølvatnet følgde ein lokaliseringskamp om kvar det samanslåtte Eksportkreditt Norge og Garantiinstituttet for eksportkreditt skulle halde hus.

I staden for flytting av hovudkontoret frå Oslo, enda prosessen med at dei regionale kontora skulle bli styrka.

Stig Gjethammer påpeiker at det kan bli fleire Eksfin-tilsette i distrikta framover. Ifølgje oppdragsbrevet frå næringsdepartementet, skal ordninga bli evaluert og gjerast klar for nye endringar frå 2025.

– Evalueringa skal ta sikte på ei oppskalering til mellom 10 og 20 årsverk med regionalt nærvær over tid, les han frå brevet.

Det vil i tilfelle betyr ei betydeleg auke frå dagens fire årsverk i Ålesund og Stavanger.

– Korleis vil det merkast?

– Å kome ut i eksportmiljøa og vere tettare på, gjer at vi får meir førstehands kunnskap til industrien, seier Gjethammer.

Å kome ut i eksportmiljøa og vere tettare på, gjer at vi får meir førstehands kunnskap til industrien
Stig Gjethammer

– Er nede i ein bølgedal
Og det trengst. For også eksportapparatet merkar at næringslivet lever med ein større usikkerheit – kanskje enn nokon gong når det kjem til mengda prosjekt å jobbe med.

– Ting tek lengre tid enn det gjorde for eitt år sidan. Vi ser dessverre at vi er nede i ein bølgedal, men eg trur at vi skal kome gjennom den. Difor er eg glad for at regionen blir styrka, og eg er sikker på at vi får nok å gjere framover, seier han.

Det same meiner regiondirektøren i Innovasjon Norge i Møre og Romsdal, Helge Gjerde.

– Sjølv om mykje er utfordrande i det korte bildet, trur eg vi kjem oss gjennom dei krisene vi står framfor. Det er mange grunnar til å vere optimist på vegner av næringslivet i Møre og Romsdal, seier Gjerde.

Arctic Pearl dåp mannskap dåpsfølge foto Marius
SAMARBEID: Ava Ocean-reiarlaget si ombygging av eit tidlegare offshoreskip til å sanke haneskjell, er eitt døme på korleis dei to eksportetatane samarbeider. Her var Eksfin med på finansieringa av ombygginga av fartøyet og Innovasjon Norge støtta teknologiutviklinga. Foto: Marius Rosbach

Næringsministeren lova fleire stillingar
Regjeringa har sett eit mål om å auke eksporten med 50 prosent innan 2030. Møre og Romsdal har i fleire år hatt høgast fastlandseksport per innbyggjar.

Det er berre éin av grunnane til at Gjerde meiner det er naturleg at næringsministeren har peika på Ålesund som ein god plass å vere for eit større eksportapparat.

Då næringsminister Jan Christian Vestre bestemte seg for å skrote Eksportstrategirådet i Ålesund, lova han samtidig ei oppbemanning for Innovasjon Norge på ti tilsette i byen «over noe tid».

Skansekaia Ålesund hamn Foto Marius Rosbach 11
ÅLESUND: Eksfin og Innovasjon Norge ligg sentralt til på Skansekaia i Ålesund. Foto :Marius Rosbach

Har bakgrunn frå energibransjen
Anne Britt Høydal som nyleg starta i jobben, er den første i satsinga. Ho skal leie arbeidet med å auke grøn maritim eksport.

Sjølv om ho i sin tidlegare jobb i DNV har jobba mest med energibransjen, er det ikkje eit ukjent landskap ho går inn i. Høydal kjem frå Volda og har vakse opp i ein familie der fleire har jobba i den maritime klynga.

– Det er ein viktig del av samfunnet her, og eg har alltid vore veldig bevisst på kva denne industrien betyr for regionen, seier ho.

Ho skal leie arbeidet med grøn maritim eksporten, og ha eit nasjonalt perspektiv. Ho skal med andre ord ikkje berre hjelpe bedriftene på Nordvestlandet.

Eksinf Innovasjon Norge Helge Gjerde Kaare Haahjem Stig Gjethammer Anne Britt Høydal Foto Marius Rosbach 22
EKSPORTSATSING: Anne Britt Høydal (f.v) skal leie arbeidet med grøn maritim eksport, medan Kaare Haahjem skal jobbe med ulike bransjar på kontoret saman med Helge Gjerde og Stig Gjethammer. Foto: Marius Rosbach

- Dei store moglegheitene
Grøn maritim eksport er den andre av to satsingar som er peika ut av næringsministeren. Den første var havvind. Det er også eit område der den maritime industrien i regionen er å venta å hauste betydeleg oppdrag.

I desse dagar ventar Høydal på sjølve oppdragsbrevet frå departementet som skal stake ut kursen vidare for maritime eksport.

- Vi snakkar om dei store moglegheitene og ei satsing mot dei marknadene vi verkeleg har trua på. Så må vi få med oss eit lag med bedrifter som gjer at vi kan lukkast, seier ho.

Har nye marknader i kikkerten
Høydal fortel at det allereie er i gong med prosjekt i Kina og USA, og at marknadene i Sør-Europa og Søraust-Asia er blinka ut som spesielt interessant.

Sjefen hennar, Helge Gjerde, skulle gjerne sett at oppbemanninga på Innovasjon Norge-kontoret hadde gått kjappare. Men han ser på tilsettinga som ein god start.

– Så håpar vi også at dette skal utvikle seg til å bli noko meir.

– Er det ei forventing om det skal bli fleire stillingar?

– Om ein skal utvikle eit kompetansemiljø, så er det vanskeleg å gjere det med berre éin person. Når det er sagt, så har vi gode ressursar på kontoret. Sjølv om deira hovudoppgåve er å jobbe regionalt, så nyttar vi ressursane saman, seier han.

Vi håpar at vi skal få bygge eit litt større miljø
Helge Gjerde

Spent på vidare eksportsatsingar
Tidlegare Ekornes-topp og leiar av reklamebyrået Bmerk, Runar Haugen, blei i fjor tilsett som seniorrådgivar for internasjonalisering. Jobben hans består i første rekke av å få fart på eksporten frå næringslivet på Nordvestlandet.

– Vi håpar at vi skal få bygge eit litt større miljø, som skal bli eit kompetansemiljø for eksport frå Norges eksporthovudstad.

Han er dei spent på kva posisjon byen får i dei neste eksportsatsingane som er venta frå regjeringa.

– Vi har til eksempel kompetanse på hydrogen her i regionen, seier Gjerde.

Han trekk også fram sjømat og marin industri som næringar, som framleis har stort eksportpotensial.

– Eg føler at dei av og til har ein tendens til å bli gløymt, når vi snakkar om alle dei nye næringane. Det er viktig å utvikle nye næringar – men det er óg viktig å forstå at dei tradisjonelle næringane våre har eit betydeleg vekstpotensial, seier Gjerde.

Publisert: 21.01.2023 05:00

Sist oppdatert: 21.01.2023 12:42

Mer om