Analyser
Regjering på etterskot
Regjeringa var bakpå allereie då den sende søknad til ESA om nullmoms for mediebransjen.
31.01.2016
ANALYSETenk om du skulle ha ein momssats for skipsdesignselskap som teiknar på papir, og ein høgare sats for skipsdesignsselskap som brukar moderne IT-verkty og sender arbeidsteikningane til kundane over nettet. Det er neppe mange som står fram som tilhengar av ei slik ordning. Men det er slik det har vore i mediabransjen. Fram til no.Sjefane i store og etablerte mediebedrifter gnei seg med god grunn i hendene då ESA nyleg sa ja til den norske regjeringa sitt framlegg om å la mediebransjen sleppe moms på digital publisering.I NETT NO kan vi truleg og vere fornøgde, sjølv om det førebels er litt tidleg å vere heilt sikker. ESA er kontrollorganet som skal passe på at Noreg held seg innanfor EØS-avtalen, som regulerer tilhøvet mellom EFTA-landa Noreg, Island og Lichtenstein og EU.Kan Noreg gi nullmoms til digitale media, slik tradisjonelle papiraviser har? Regjeringa har spurt og ESA har svart ja.For ordens skuld, momsfritak er ei subsidering av mediebransjen. Grunnlaget for å gi denne støtta er argumentet om at media fyller ei rolle som debattarena og vaktbikkje som er viktig i eit demokrati. Difor er det også trekt ei grense mellom publikasjonar og radio/tv-produksjon som styresmaktene meiner fyller ei slik rolle, og dei som ikkje gjer det og dermed ikkje fortener momsfritak.Men dagens regelverk skiller altså også mellom måten journalistikken og debatten blir publisert på.Om til dømes Sunnmørsposten la om til å berre publisere artiklar og annonser via nett på mobiltelefon, nettbrett eller pc etter dagens reglar ville avisa måtte betale full moms. På papir var det null. Resultatet er at avisene har tilbode ein pakke, der du må ta papiret med på kjøpet enten du vil eller ei.No blir det null moms på alt. Dermed er ein grunn til å halde att på overgangen frå papir til nett borte. Det er neppe ei dristig spådom at momsomlegginga vil sette fart i papiravisdøden.Å innføre like momsreglane for papir- og digital publisering er bra. Skillet var konkurransevridande, og sto i vegen for ei omlegging til ein billegare måte å distribuere journalistikk og annonser på. Men la oss gå attende til skipsdesignarane som døme. Tenk om den bransjen også hadde hatt eit anna skille. Små nisjeselskap som til dømes spesialiserte seg på små fiskebåtar, eller berre brønnbåtar, måtte betale høg moms. Store designselskap som teikna alt mogleg, skulle få lav moms. Det er neppe mange som står fram som tilhengar av ei slik ordning.Slik skal det framleis vere i mediabransjen. Skillet går ikkje berre mellom reinspikka kos og underhalding - og det som tradisjonelt blir sett på som kritisk og uavhengig journalistikk om økonomi, politikk og kultur. Skillet går og mellom spesialistar og generalistar.I følgje vedtaket i ESA er regjeringa ute etter å hjelpe media som dekkjer ulike deler av samfunnet og har ålmenta som målgruppe. Smale nisjeprodukt blir ikkje omfatta av den nye momsordninga.Korleis dette skal forståast gjenstår å sjå, men det som synes heilt klart er at det som i dag blir kalla fagpresse (bransjeblad, red. merk) ligg an til å måtte betale full moms. Men gir det lenger meining å skille mellom nisje- og almenpublikasjonar etter at internettet kom?Ikkje alt som blir trykt, sendt eller publisert på nett kan seiast å ha betydning for opplysning og offentleg debatt, som er grunnlaget for at media får særbehandling gjennom momsfritak og pressestøtte. Men skal politikarar og byråkratar detaljregulere vilkår for mediebedrifter?Det gav kanskje ei viss meining før internett. No gjer det ikkje det lenger. Difor var regjeringa på etterskot med utviklinga allereie då den sende nullmoms-søknaden til ESA.Ei gammal avis som Bergens Tidende har både reiselivsstoff som eit spesialisert reiselivmagasin, bustad- og interiørstoff som eit bustad og interiørmagasin og bilstoff som eit bilmagasin. Alt har sine eigne internettadresser under BT-paraplyen. Viktig stoff for opplysning og den almenne debatten som er ein del av eit demokrati ? Neppe. Men inntektsgivande for Bergens Tidende, og med momsfritak. Som sjølvstendige bedrifter vil det truleg bli moms på desse nisjeprodukta.Logisk, eller ein skreddarsydd hjelpepakke for hardt pressa etablerte mediehus? Då eg byrja i pressa var Dagens Næringsliv berre ei lita avis, langt mindre enn Sunnmørsposten. Finansavisen var ikkje påtenkt ein gong. Begge har svinga seg opp fordi eksisterande media ikkje var gode nok på dei felta Dagens Næringsliv og Finansavisen dekkjer, ikkje fordi dei er løfta fram av politiske initiativ. Framveksten til vekeaviser som Dag og Tid og Morgenbladet er døme på det same på kultur og politikkfeltet, og sannsynlegvis ein fordel for samfunnsdebatten.Med internett er terskelen for nyetableringar blitt mykje lågare enn før. Kvifor skal då politikarane syte for å halde terskelen høgare for nye idear og nisjepublikasjonar?Gjennom internett kan du i praksis lagar du di eiga nettavis og sikre deg eit rikt tilfang av nyhende og debattar, frå mange nisjepublikasjonar - som sannsynlegvis held eit høgare nivå på sitt felt enn gamle, veletablert og såkalla almenne aviser klarer å oppnå.Den rolla som etablerte mediehus ein gong hadde som felles arena for opplysning og informasjon er truleg svekka for godt.Det er verdt å minne om at problemet med full moms på digital nyhendeformidling var at det var null moms på papir. Det er skilnaden som er konkurransevridande, og det er to måtar å utjamne den på.
Publisert: 31.01.2016 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59