Nexans Electra Frode Beyer Runar Toftesund foto Ulstein G Roup
NY FASE: Prosjektleiarane Frode Beyer i Nexans og Runar Toftesund foto Ulstein Verft framfor skipet Nexans Electra i dokkhallen til verftet i Ulsteinvik. Foto: Ulstein Group
Kort fortalt

Klart for ny byggefase for milliardskip   

Ulstein Verft er snart ferdig med arbeidet i dokkhallen.

Marius Rosbach
03.11.2025

 Hundrevis av arbeidararar og ein rekke fagdisiplinar er i bygginga av kabelleggingsskipet Nexans Electra ved Ulstein Verft. 

I desse dagar nærmar prosjektet seg sluttfasen i dokka før det omfattande arbeidet held fram ved kai fram mot prøvetur våren 2026, opplyser verftet i ei pressemelding.

Etter at skroget kom til Ulstein Verft i underkant av fire månadar sidan, er mange tusen timar lagt ned i oppdraget med folk frå fleire delar av konsernet. 

Verdien på kontrakten er ikkje opplyst, men ligg langt over milliarden – og kanskje to. 

Ulstein Verft skrog Nexans Electra foto M Arius
SNART FERDIG: Kabelskipet Nexans Electra er snart ferdig med arbeidet i dokkhallen. Det 149,9 meter lange skipet er mellom dei største verfta har bygd. Foto: Marius Rosbach

Skipet er teikna av skipsdesignselskapet Skipsteknisk i Ålesund og er ein oppdatert versjon av Nexans Aurora, som vart levert frå Ulstein Verft i 2021.

Prosjektleiar for Nexans, Frode Beyer, hadde den same rolla den gong – og fortel at det kjem godt med. 

–  Vi er opptatt av å dra nytte av den relasjonen og erfaringane vi allereie har frå å levere Nexans Aurora. Vi kjenner kulturen, både til folka og til dei ulike selskapa, uttaler Beyer i meldinga. 

Publisert: 03.11.2025 12:49

Sist oppdatert: 03.11.2025 12:49

Mer om