Storbritannia sa ja til uvisse
BRITISK IDYLL?: Storbritannia går ut av EU. Det kan vere ei beslutning som er farleg for verdsøkonomien meiner analyseselskapet The Economist Intelligence Unit.
Analyser

Storbritannia sa ja til uvisse

Eitt av dei ti største trugsmåla mot verdsøkonomien blei alvor då britane torsdag røysta for å melde seg ut av EU.

26.06.2016

ANALYSE

Det er The Economist Intelligence Unit, eit analyseselskap som er søsterselskap til magasinet The Economist, som står bak rangering av dei ti største trugsmåla mot verdsøkonomien. vart offentleggjort tidlegare i juni, og analyseselskapet gjorde same bommert som meiningsmålingsbransjen, og vurderte at det var lite sannsynleg at ei britisk utmelding av EU ville få fleirtal. Men slik gjekk det, og dermed aukar sjansen for at fleire av dei andre trugsmåla på lista også skal inntreffe.Ei utmelding er plassert som nummer åtte på lista, og vil råke både Storbritannia sjølv og EU i følgje analysen: Britiske selskap går inn i ei tid med uvisse rundt framtidige tolltariffar og handelsvilkår, og London som internasjonalt finanssentrum vil tape terreng. Også EU vil bli råka. Den britiske økonomien er verdas femte største, og ein av få med sterk vekst i EU. Storbritannia har også vore førande i arbeidet for friare verdshandel, og mindre reguleringar av økonomien. Andre krefter i EU får no ein sterkare posisjon.Britane er heller ikkje åleine om å vere misnøgde med EU. The Economist Intelligence Unit fryktar at den britiske folkeavstemminga skal bidra til fleire utmeldingar, og saman med strid om handtering av innvandring og anna indre usemje føre til ei oppsmuldring av EU. Ei slik oppsmuldring vil forverre vilkåra for internasjonal handel og er rangerte som det fjerde største trugsmålet mot verdsøkonomien.Det femte største trugsmålet er at Hellas går ut av EU og at Euro-samarbeidet bryt saman. Også det kan knyttast til den britiske utmeldinga, om enn meir indirekte sidan Storbritannia aldri skifta ut pundet med euroen. Konsekvensane er langt på veg dei same som dei to første, med fare for forverra handelsvilkår.Det er ikkje bra for den svært opne norske økonomien. Med unntak av landbruket er det får stengsel mot import frå utlandet til Noreg, og likeeins er det ein fordel om det er fritt fram for norske varer i utlandet. Fiskeeksporten er det beste dømet. Over 90 prosent av norsk fisk blir seld i utlandet. Utan eksportmarknaden ville det ikkje vere grunnlag for korkje fiskeri-, fiskeindustri eller oppdrettsnæringa slik vi kjenner den i dag. Den norske marknaden kunne gi levebrød til nokre, men ikkje mange, og ringverknadane ville blitt ein liten brøkdel av det dei er i dag.Olje- og gasseksporten er sjølvsagt større og viktigare, men dei fleste land har ikkje olje- og gassressursar og har dermed ikkje interesse av å fordyre energiforsyninga. Langt fleire land har eit fiskeri, og/eller ein fiskeindustri, og har dermed lettare for å legge hindringar i vegen for import for å verne si eiga næring mot konkurranse.Handelshindringa inn mot EU har gradvis blitt mindre, men smuldrar EU opp er det fare for at Europa blir ein tyngre marknad å selje norsk fisk i.Den britiske utmeldinga kjem og til å få konsekvensar for internasjonale forhandlingar om fordeling av fiskekvotar. Hittil er det i hovudsak Noreg, Island, Færøyane, Russland og EU som har forhandla om fordeling av kvotar på fiskeslag som vandrar mellom fleire nasjonale soner. Av og til forhandlar alle, av og til nokre - avhengig av kva fiskeslag det er snakk om. Etter at utmeldinga er gjennomført kjem Storbritannia att som ein sjølvstendig aktør i desse forhandlingane. I beste fall tek berre britane over sin andel av kvotane som i dag tilhøyrer EU. I verste fall er dette starten på ein prosess der Storbritannia kjem på bana som ein meir agressiv part i forhandlingane.Uansett kva som blir utfallet av forhandlingane mellom EU og Storbritannia fører utmeldinga til større uvisse, ei uvisse som gjeld meir enn berre kva EU og Storbritannia klarer å bli samde om. Det kan gå heilt fint. Storbritannia kan ende opp med ei tilknytning til EU som liknar på den Sveits eller Noreg har, og det burde vere til å leve med. Men uvissa før ting er på plass er ikkje til å kome utanom. Uvisse har i seg sjølv ein del negative følgjer, mellom anna at investorar blir meir forsiktige. Dei set seg på gjerdet og ventar og ser. Vil bedrifter tilsetje ein ekstra seljar for å arbeide i den britiske marknaden dersom dei er redde for at det i neste omgang kjem opp handelshinder som gjer det uråd å konkurrere i Storbritannia? Eller vil dei ta sjansen på å legge ei ny fiskeforedlingsbedrift i Noreg, dersom EU smuldrar opp og tollmurane reiser seg?Uvisse aukar risikoen ved å investere, og den slags risiko er det mange som ikkje er glade i. Slike spørsmål vil reise seg over heile Europa.Avlyste eller utsette investeringar gir færre nye arbeidsplassar, ikke fleire - som Europa treng. Arbeidslause har meir tid til å sitte stille, men dei tek seg neppe råd til å kjøpe seg ein ny stol frå Ekornes eller Brunstad for å gjere det i.

Publisert: 26.06.2016 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59