Storkjoep i Island Offshore
LYSE TIDER: Fram til oljeprisen fall var det lett å låne pengar i obligasjonsmarknaden. Obligasjonsmarknaden var lenge ei viktigare kjelde for vekst enn å hente meir eigenkapital. No er oljen billig og aktiviteten låg, og då er det tungt for offshorereiarlaga å refinansiere gjelda.
Analyser

Storkjøp i Island Offshore

Kven kjøpte seg opp til å bli stor långivar til Island Offshore Shipholding veslejulaftan i fjor?

07.02.2016
ANALYSE23. desember 2015 skifta 19 prosent av obligasjonslånet til Island Offshore Shipholding Lp eigar eller eigarar.Det er ein uvanleg stor transaksjon i eit børsnotert, men vanlegvis lite omsett lån.Med 19 prosent av eit børsnotert obligasjonslån har du sikra deg ein sentral posisjon dersom det til dømes skal forhandlast om lånevilkår.Alle endringar i obligasjonslån krev samtykke frå eigarane av minst to tredjepartar av den utlånte kapitalen. Med 33,34 prosent av lånet kan du dermed blokkere for endringar du ikkje likar. I realiteten treng du kanskje enda mindre oppslutnad. Det er berre dei som møter, eller sender fullmakt, på obligasjonseigarmøta som får røyste. 19 prosent er difor ein vesentleg eigarposisjon i lånet.Lånet er på 700 millionar kroner, og forfell til betaling 5. april i år. Det blei tatt opp 5. april i 2013 og børsnotert i september same år. Lånet er usikra.Kursen på eit obligasjonslån reflekterer mellom anna tiltrua investorar i obligasjonsmarknaden har til om selskapet som har tatt opp lånet klarer å betale renter og betale attende lånet som avtalt. Fram til slutten av 2014 låg kursen temmeleg stabil på det nivået lånet vart utstedt på. Men så byrja kursen å falle. Investorane som selde valde i realiteten å ta eit tap, samanlikna med det dei ville få att dersom Island Offshore Shipholding Lp greier å betale attende som avtalt. I den siste store transaksjonen var kursen 71 prosent av den pålydande verdien. Greier selskapet å innfri lånevilkåra vil investorane som kjøpte 23. desember ha gjort eit kupp og få ein gevinst på 41 prosent. Men kven kjøpte? Til skilnad frå aksjar er eigarane av obligasjonar anonyme, gjerne også for låntakaren. I utgangspunktet kan det vere selskapet sjølv, eller eigarane bak. Eller det kan vere moglege konkurrentar som ser sjansen til å få hand om skip og selskap ved å presse fram ei omgjering av gjeld til aksjar i selskapet.I Island Offshore Shipholding Lp, som er eigd av Morten og Håvard Ulstein med familie, saman med kompanjongen Gary Chouest og familien i amerikanske Edison Chouest Offshore Group, er anonymiteten litt ekstra streng. Grunnen er at selskapet ikkje er børsnotert og ikkje treng å varsle om det kjøper eigne obligasjonar. For eit børsnotert selskap er slik informasjon børssensitivt og må rapporterast. Når det er gode tider og selskapa ikkje har problem med å innfri lånevilkåra og/eller refinansierer obligasjonsgjeld spelar anonymiteten lita rolle.Men tider som desse, der offshorereiarlaga slit med milliardgjeld og må forhandle med kreditorane, er anonymiteten ei utfordring for reiarlaga.Klarar reiarlaga ikkje å betale obligasjonseigarane som avtalt, får obligasjonseigarane ein nøkkelposisjon i refinansieringa av selskapet slik dei har fått i Havila Shipping.Anonymiteten er ei utfordring fordi det gjer det meir krevjande for selskapet å få ein dialog med långivarane sine. Med bankar som långivarar veit du i alle fall kven du skal snakke med. Nordic Trustee (tidlegare Norsk Tillitsmann) organiserar obligasjonseigarane, men i praksis går sjølve forhandlingane direkte eller via meklarhus. Obligasjonseigarane kan og ha ulike interesser og vurderingar, så det kan fort blir fleire å forhalde seg til, også i eitt einskild obligasjonslån.I det største obligasjonslånet som Havila har er det over 100 ulike långivarar, og til saman for dei fire obligasjonslåna i selskapet er det over 300 registrerte långivarar. Nokre er truleg inne i fleire lån, men det er likevel meir enn mange nok til at sjølve mengda gjer forhandlingane ekstra krevjande.I Island Offshore Shipping Lp sitt lån er det til saman 74 långivarar, i følgje Nordic Trustee. 13 utanlandske långivarar sit med 17,6 prosent av lånet, 61 norske investorar sit med resten.Nokon av dei satsa altså rett før jul på at det vil løne seg å få kontroll over deler av gjelda.

Publisert: 07.02.2016 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59