Vegard Sævik tv Dagfinn Neteland th foto Ogne
NY EPOKE: Styreleiar Vegard Sævik (t.v.) og Fjord1-sjef Dagfinn Neteland (t.h.) og dei andre i reiarlaget står framfor ei ny epoke. Denne veka blei selskapet teke av børs. Foto: Ogne Øyehaug
Analyser

Analyse: Ti års kamp og rusta for nye runder

Denne veka kom Havila i hamn med seglasen som starta med 350 millionar for ti år sidan. Det har ikkje mangla på sjøslag undervegs.

Marius Rosbach
01.08.2021

ANALYSE:

Denne veka markerte ein milepåle i Havila og Sævik-familien sitt eigarskap i Fjord1. Etter at Havila fullførte planen om 100 prosent eigarskap i reiarlaget, blei selskapet torsdag teke av børs.

Seglasen starta med at Herøy-selskapet kjøpte Møre og Romsdal fylkeskommune sine aksjar i reiarlaget for 350 millionar i 2011. Torsdag blei selskapet teke av børs med ein marknadsverdi på 5,2 milliardar.

Fjord1 har røter i dei tidlegare fylkesbåt-selskapa. At Møre og Romsdal - og etter kvart dåverande Sogn og Fjordane fylkeskommune - selde eigarskapen til ein privat aktør, sat langt inne hos mange. Kritikarar frykta mellom anna at dei nye eigarane skulle svekke selskapet, og tappe det for midlar som kunne kome det offentlege til gode.

Då Sogn og Fjordane til slutt skulle kvitta seg med sine aksjar i 2015, forsøkte dei først å selje til Fjord1-konkurrenten Torghatten. Havila protesterte og salet blei stoppa av Konkurransetilsynet.

Det er liten tvil om at eigarskapen og børsnoteringa av Fjord1 i 2017, har tilført Havila betydelege midlar. Berre mot slutten av det første året på børs, kunne eigarane ta ut 270 millionar i utbytte.

Spørsmålet er om selskapet med fylkeskommunane som eigarar, ville nådd dei same resultata. Rekneskapane viser at Fjord1 i åra 2000-2010 med fylkeskommunane som eigarar, hadde eit samla driftsoverskot på 174 millionar. I tiåret etterpå – med Havila ved roret – har Fjord1 hatt eit driftsoverskot på 2,9 milliardar (!).

Slik sett har historia vist at skeptikarane til at fylkeskommunane selde sine aksjar, tok feil. I dag er Fjord1 landets største ferjeselskap, har solid økonomi og ei kontraktsportefølje på 21,2 milliardar fram til 2034. Løftet til lokalsamfunnet om at hovudkontoret skal ligge i Florø, er også halde.

Ein anna ting er skadestatistikken. Dei med god hugs, vil minnast hyppige uhell og samanstøyt med ferjekaier rundt om på dei ulike sambanda. Eit betre omdømme med mindre sokalla «uønskte hendinga», blei eit mål for reiarlaget åra etter at Havila kom inn som eigarar. Det var ei milepåle då Fjord1 mot slutten av 2017 kunne konstatere at det hadde gått snart eitt år sidan førre ulykke. Slik har det i stor grad vore dei siste åra. Null ulukker er også fasiten for reiarlaget så langt i år.

Talet på arbeidsplassar har likevel blitt færre etter 2011. Året før Havila kjøpte seg inn i selskapet hadde dei 2149 tilsette. I dag er Fjord1 er 1169 tilsette, ifølgje den siste kvartalsrapporten.

Det blir likevel å samanlikna eple og pærer. Mellom anna blei bussverksemda med 550 tilsette selt til Nettbuss i 2011. Samtidig dreg Havila sine andre selskap fordelar frå eigarskapen, ved bygging av nye ferjer og teknologi som skal leverast om bord – som også bidreg til sysselsetting.

På vegen til å sikre seg kontroll over Fjord1, hamna Sævik-familien på kant med ein anna Fjord1-akjonær, Frederik W. Mohn. Bergensinvestoren var ikkje nøgd med korleis sunnmøringane sikra seg kontroll over meir enn to tredelar av aksjane i 2019.

Mohn meinte avtalen var til gunst for Sævik-familien og dårleg for minoritetseigarane. At Havila samtidig la på bordet ein moglegheit for at Fjord1 kunne bli slått saman med Sævik-eigde Havila Kystruten, gjorde ikkje forholdet betre. I ettertid har Per Sævik uttalt at ein samanslåing berre var ein moglegheit.

Striden enda med at bergensaren selte seg ut og trekte seg frå styret. Etter at det blei klart at Havila kjøpte Mohn-aksjane for 877 millionar kroner tidlegare i år, uttalde styreleiar Vegard Sævik i Fjord1 likevel at dei skilde som vener.

Denne veka blei det klart at Havila eig 100 prosent av aksjane i Fjord1. Ved at reiarlaget blir teke av børs, står eigarskapet framfor ei ny epoke. I oppkjøpet har Havila hatt støtte frå amerikanske Vision Ridge Partners. Planen at dei amerikanske partnarane tek over halvparten av aksjane i reiarlaget.

Det neste tiåret vil vise kva frukter partnarskapet med Vision Ridge vil bere. At eit samarbeid med Havila Kystruten har vore brakt på bana, viser at Sævik-familien mellom anna har turisme i tankane. Fjord1 har allereie ein fot innafor sightseeing og pengesterke reisande frå USA kan vere ein interessant marknad.

Samtidig eig Havila ei rekke hotell på Nordvestlandet som kan serve dei same gjestane. Om ein i tillegg tek i betraktning at USA truleg står framfor ei storstilt elektrifisering av passasjertrafikken på vatnet – eit felt der Fjord1 allereie er i førarsetet – er det openbert at moglegheitene er store.

(KJELDER: Allkunne, Fjord1.no og NETT NO)

Havila Holding eig og 33 prosent i Bakkar og Berg Media, som gir ut NETT NO.

Publisert: 01.08.2021 05:55

Sist oppdatert: 26.08.2021 12:18

Mer om