Treng skarpare lut
UROLEG: Skipper Pål Roaldnes fryktar fiskarane kjem tapande ut i kampen om areala til sjøs når vindkraftanlegga skal plasserast. 
Analyser

Treng skarpare lut

Eit vindkraftanlegg til havs betyr tapte fiskeplassar. Skipper Pål Roaldnes fryktar fiskarane taper kampen om plassen i havet.

15.12.2019

ANALYSE


Roaldsnes etterlyser ein havbruksplan då han innleia til debatt om vindkraftutbygging til havs under Fiskebåt Vest sitt årsmøte fredag denne veka. Han presentere fiskeriaktiviteten i Nordsjøen for å vise kva som er problemet, at vindkraftanlegget skal stå der fiskarane fiskar.
Sjølve turbintårna, dei roterande mølleblada og fortøyingar vil gjere at det ikkje er råd å fiske i eit anlegg. Feil plassert, slik fiskarane meiner det planlagte vindkraftanlegget - Hywind Tampen - til Equinor blir, forstyrrar feltet også fisket i eit større område. Det står i vegen, rett og slett.

Fiskebåt Vest er det andre regionlaget i bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen Fiskebåt som den siste tida diskuterer havvind og kollisjonen med fiskeriinteressene. Landsmøtet i Fiskebåt er i februar i år, og med tilbakemeldinga frå Fiskebåt Vest er det sannsynleg at konflikten om vindkraftutbygging blir tema også der. Fiskebåt organiserer eigarane av den havgåande fiskeflåten.
Ut frå debatten på Fiskebåt Vest-årsmøtet er det tydeleg at Fiskebåt må vurdere om die treng å bruke skarpare lut for å bli høyrd.
Kort sagt peika debattdeltakarane på at fiskeriinteressene får ytre seg, men at innvendingane ikkje blir tatt omsyn til. Slik som på Hywind Tampen - der Equinor ikkje vil vri på plasseringa av feltet der vindkrafttubinane skal stå.
Fiskebåtreiar Jarl Silden etterlyste meir forsking på verknaden av vindkraftanlegg til havs. Han var mellom anna bekymra for den lavfrekvente lyden frå mølleblada, og fortalde om illevarslande forteljingar frå skotske fiskarar om vindkraftfelt som slett ikkje blei det fine oppvekstområdet for fisk som fiskarane først hadde håpa på.
Konflikt mellom fiskeriinteresser og vindkraftutbyggjarane er ikke til å unngå.
Utbyggingskostnadane er på veg ned, og vindkraft er i ferd med å bli kommersielt interessant - også utan subsidiar. Det skaper ringverknadar, som mellom anna gir kriseramma norske offshorereiarlag ein ny marknad, og den politiske etterspørselen etter meir fornybar energi er stor.
Det internasjonale energibyrået IEA anslår investeringar i havvind på 1000 milliarder dollar fram til 2040 og at selskap med offshore-erfaring fra olje- og gassektoren kan kapre 40 prosent av denne marknaden, som tilsvarar 400 millionar dollar. Det er ein pengesekk som freistar.

I første omgang er det anlegg som står på botnet eller flytande anlegg som er forankra på relativt grunne farvatn - slik som, Hywind Tampen. Det handlar om økonomi og teknologi - evetuelle anlegg langt til havs og på store djup er førebels ikkje innanfor rekkevidde. Dermed blir det konflikt, fordi grunne farvatn som regler og er gode fiskefelt og gyteområde.
Skepsisen og innvendingar mot vindkraftanlegg frå fiskerhald er ikkje nye.
Alt då Stortinget diskuterte havenergilova i 2009 kom Norge Fiskerlag med krav om at fiskarne skulle få vere med og legge premissane for kvar det skal byggast vindkraftanlegg - og mellom anna vere reperesentert i dei fora som gir råd til styresmaktene. Fiskarane ville og ha meri forsking, mellom anna for å finne ut av korleis lyden fra mølleblada påverkar fisken.
Fiskarane ville og ha lovfesta at rør, kabler og andre undersjøiske installasjonar ikke skulle hindre fisket. Erstatning for tapte fiskefelt må sikre erstatning så lenge feltet er i bruk til vindkraftproduksjon og ikkje vere ei eingangserstatning som fungere som frikjøp frå krav frå fiskarhald.
Men debatten på Fiskebåt Vest-årsmøtet tyder langt frå at fiskarane meiner dei har oppnådd det dei ville.

Publisert: 15.12.2019 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59