Toeffe tider for handel
UTFORDRING: Handelen merkar at det er blitt fleire konkurrentar. Det er blitt tøffare, spesielt for dei små viser analyse frå Sparbank1 SMN. Handelsbedrifter må vere både på nett og ha fysisk butikk, og dei minste må satse på nisjer, meiner senioranalytikar Snorre Hammerø Moen. 
Analyser

Tøffe tider for handel

Sjølv om handlelyst og kjøpekraft aukar, er det tøffare tider for handelen.

15.07.2018

ANALYSE

Bana handelsstanden konkurrerer på er blitt større og det er fleire nye konkurrentar på bana.Det er biletet senioranalytikar Snorre Hammerø Moen i Sparebank1 SMN brukar, for å forklare utviklinga for handelsstanden.Banken har nettopp gjennomført ein bransjeanalyse for handel. Utgangspunktet er Møre og Romsdal og Trøndelag, men den utviklinga som Hammerø Moen og kollegaene ser for handelsnæringa, er felles for heile landet.Veksten i driftsinntektene har vore svakt fallande sidan 2014 og lønsemda har blitt stadig meir pressa. Mengda av varer vi kjøper, viser ein stigande tendens frå 2016. Førebels har det ikkje slått ut i meir kroner i kassa, men det kan vere eit signal om at det kan vere råd å auke prisane fram i tid.Alt anna likt skulle auka handelsvolum slå ut i auka prisar, men netthandel og ei svak krone

er faktorar som dreg i ei anna retning.Etter oljeprisfallet i 2014 endra valutakursen seg i gunstig retning for norske eksportbedrifter og tilsvarande ugunstig retning for mange handelsbedrifter, som lever av å selje importvarer - som til dømes klede.Kostnadane har auka, men butikkane har ikkje greidd å sette opp prisane tilsvarande, mellom anna på grunn av større konkurranse frå nettet.Frå midten av 2016 har også talet på konkursar i handelsnæringa auka.Tradisjonelle klesbutikkar er også eit godt døme på korleis netthandelen skaper endringar fordi store delar av sortimentet blir utsett for konkurranse frå nye aktørar på nett. Til og med Frislid Konfeksjon på Nordfjordeid, som lagar dressar, merkar netthandelen. Frislid Konfeksjon får ein indirekte netthandeleffekt. Dressar er ikkje eit stort netthandelprodukt, men butikkane som fører Frislid sine dressar fører også andre plagg frå andre produsenter - som er blitt netthandelprodukt.Det går ut over driftsinntektene og dermed blir butikkane også meir forsiktige når dei skal bestille frå Frislid.Analysen til Sparebank1 SMN viser og at det er vansklegast å vere liten. Andelen handelsbedrifter med underskot aukar dess mindre bedriftene er, og dei siste åra har skilnaden mellom dei største og dei minste blitt større. Liggetida, tida det tek frå varene kjem inn i butikken til dei blir kjøpt, går også opp. Lengst tid tek det for kle- og skobutikkar, der varene i gjennomsnitt var i butikken sitt eige i 164 dagar i 2016. Lenger liggetid betyr at meir kapital er bunden opp, og det kostar.Hammerø Moen si vurdering etter å ha gjennomført analysen er at det blir tyngre å vere liten, tyngre å vere generalist og tyngre å drive som reindyrka fysisk butikk. Nettet gjer og at butikkane ikkje lenger får ha lokalmarknaden for seg sjølv.Her er Hammerø Moen sine tre bod for å overleve: -Butikkane må ha både nett- og fysisk butikk.-Mindre butikkar må spesialisere seg på nisjer.-Å vere ein liten aktør som skal konkurrere med dei same varene og tilbodet som dei store, går ikkje.

Publisert: 15.07.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59