Undervurderte interessa for oppdrett paa land
SIKRA PENGAR: Interessa for det landbaserte oppdrettsselskapet Salmon Evolution er så stor at administrerande direktør Haakon Andre Berg truleg kan vere trygg på at selskapet klarer å hente inn pengane det vil ha i dei to neste kapitalutvidingane. Biletet er frå markeringa av byggestart for anlegget tidlegare i år. Første byggetrinn er planlagt å koste 1,3 milliardar kroner og den første laksen skal slaktast i 2022.
Analyser

Undervurderte interessa for oppdrett på land

Investorane i den siste kapitalutvidinga i Salmon Evolution fekk truleg større eigarskap enn det som var naudsynt for å få inn den halve milliarden selskapet var ute etter. 

06.09.2020
ANALYSESalmon Evolution ser ut til å kunne få tak i alle pengane det vil ha for å bygge sitt landbaserte oppdrettsanlegg ved sjøkanten i Fræna.Men det vil vere rart om utfallet av kapitalutvidinga i Salmon Evolution ikkje fører til ein liten diskusjon mellom oppdragsgivaren Salmon Evolution og .Planen var å hente inn ein halv milliard kroner. Det målet er nådd, men til den kursen som var sett kunne Salmon Evolution henta 3,2 milliardar.- Ein av dei mest overteikna emisjonane som har vore på lenge, sa styreleiar Tore Tønseth rett etter at kapitalutvidinga var i boks.Frå før var eigarskapen delt på 120 millionar aksjar. No vart det utstedt 100 millionar nye aksjar. Det utgjer 45 prosent av eigarskapen i selskapet.Mekanismen ved slike kapitalutvidingar er enkel, dess høgare kurs dess mindre andel av selskapet får dei som kjem inn som nye investorar. Kunsten er å finne den rette balansen mellom kor stor andel av selskapet dei nye eigarane får og kor mykje pengar selskapet vil ha inn.I Salmon Evolution sitt tilfelle ser det ut til at selskapet kunne fått inn sin halve milliard i bytte mot ein mindre andel av eigarskapen enn det som blei tilfelle no. Selskapet og rådgivarane bomma på interessa for å investere i selskapet.Men etter emisjonen er fasiten på bordet. På førehand såg det truleg annleis og meir usikkert ut. Salmon Evolution og rådgivarane valde ein modell for kapitalutviding der ein stor del av pengane var sikra på førehand.Det skjedde ved at det vart bestemt ein kurs - fem kroner aksjen - og tre investorar på førehand teikna seg for til saman 170 millionar kroner. Det var DNB Asset Management (110 millionar), Klaveness Marine Finance (30 millionar) og selskap kontrollert av Fredrik Cappelen, Carl Erik Krefting og Preben Rasch-Olsen (30 millionar). I tillegg garanterte eksisterande eigarar for inntil 91 millionar kroner. Dermed var det 239 millionar selskapet ikkje var viss på at ville kome inn då den opne delen av kapitalinnhentinga starta.Risikoen for å mislukkast med kapitalutvidinga var med andre ord kraftig redusert.Sett frå selskapet si side var utfallet av kapitalutvidinga bra - fordi selskapet treng pengar for å få anlegget bygd. Den første laksen frå anlegget skal ikkje slaktast før i slutten av 2022, og før inntektene kjem treng selskapet eigenkapital og lån.Sett frå dei som var eigarane av selskapet før kapitalutvidinga si side ser det kan hende vurderinga er meir delt. Grunnen er at dei no har fått redusert sin eigarandel meir enn dei kanskje var nøydd til. På den andre sida - også dei opphavlege eigarane var avhengig av å få pengar inn. Og også dei gjekk inn med ny kapital, slik at eigarandelen ikkje vart redusert så mykje som om berre nye investorar hadde gått inn. For Roger Halsebakks investeringsselskap Ronja Capital, som eigde 19,6 prosent av aksjane før emisjonen og var største aksjonær, er eigarandelen no omlag 11 prosent.Sett frå dei som gjekk inn med den halve milliarden no var det heilt supert, fordi dei truleg blei eigarar av aksjar i eit selskap som ved børsnotering seinare i september i år får eit kraftig kurshopp frå emisjonskursen på fem kroner.Kven som blei prioriterte i kapitalutvidinga no, fortel om kva eigarar selskapet ville ha med seg og kanskje og noko om kvifor kursen ikkje blei sett høgare. Det var langsiktige fond og eksisterande aksjonærar, saman med dei tre som kom inn i kapitalutvidinga på førehand. Om ein høgare kurs hadde skala av desse, kunne Salmon Evolution likevel fått pengane, men kanskje ikkje dei aksjonærane selskapet helst ville ha med i denne omgang. Poenget med kapitalutviding på 258 millionar kroner tidleg i vår var både å få pengar, og å få med eigarar frå Nordvestlandet - som også kunne tilføre selskapet kunnskap som ville gjere selskapet meir verdifullt.Poenget då det sørkoreanske sjømatselskapet Dongwon i sommar gjekk inn i Salmon Evolution med 50 millionar kroner var det same, å få pengar og å få ein alliansepartnar som kunne auke verdien av selskapet. Dongwon skulle opphavleg vere med på kapitalutvidinga tidleg i vår, men koronaepidemien gjorde at Dongwon først kom inn på eigarsida i sommar.Målet er at Salmon Evolution blir eit børsnotert selskap 18. september i år. Då er det handelen i aksjemarknaden som avgjer kva verdi som vert sett på selskapet.Interessa for kapitalutvidinga denne veka tyder på at kursen blir godt over fem kroner aksjen. Interessa tyder og på at dei komande kapitalutvidingane - 450 millionar kroner neste år og 750 millionar kroner seinare - vil gi investorane i dei komande kapitalutvidingane ein relativt mindre andel av selskapet enn investorane i kapitalutvidinga denne veka fekk.

Publisert: 06.09.2020 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59