Analyser
Utbyttefest i vente i fiske?
Oppgjera om fiskebåtreiarlag kan gi utbyttefest.
10.12.2017
ANALYSETil våren skal aksjonærane i fiskebåtreiarlaget Torbas i Vågsøy møtast i retten, for å avgjere kva Tore Lyng skal få for sin aksjepost i selskapet. Tore Lyng vil ut, men han og resten av eigarane; broren Agnar og Kvalsvikfamilien i Herøy, har ikkje blitt samde om kva om er rett pris for aksjane.NETT NO har tidlegare anslått at det er snakk om kvotar verdt rundt ein halv milliard kroner. Då blir å løyse ut ein 40 prosent eigarandel eit stort løft for resten av eigarane i selskapet.Skal kjøpet svare seg må det stå i stil med innteninga i selskapet. Torbas må tene nok til at eigarane som blir att får ei avkasting som forsvarar prisen for aksjane.Om Torbas-saka viser seg å få prinsipiell betydning gjenstår å sjå, men den er i alle fall ein god illustrasjon på kva utfordringar fiskerinæringa er inne i, når det gjeld generasjonsskifte og eigarskifte.Det er den gode utviklinga i fisket, som byrja med ringnotflåten og etterkvart har spreidd seg til nye flåtegrupper, som ligg bak verdiauken på kvotane.Verdiane på fiskekvotane - retten til å drive fiske etter ein avklart andel av den samla nasjonale fiskekvoten - i dei meste lønsame fiska, er blitt så høge at det er tungt å forsvare investeringar i kvotekjøp - for den som berre skal basere seg på kjøpte kvotar.Men fordi mange av kvotekjøparane allereie sit med gratis kvotar, som ligg i fiskeriselskapa frå då fiskekvotane blei innført, ser reknestykket litt annleis ut. Dei kan betale dyrt for litt ekstra kvote, men likevel ha ein lav gjennomsnittspris på kvotane sine. Dermed kan prisane pressast høgare enn det som elles ville vere sannsynleg.Ved generasjonsskifte, og i slike tilfeller som Torbas, kjem imidlertid problemstillinga opp med full tyngde. Kva er fiskebåtreiarlaget verdt, og korleis skal dei som vil eige vidare løyse ut dei som vil ut?Ekstra komplisert kan det bli av at det gjerne er familieeigde selskap vi snakkar om, der familieband blir utfordra av usemje om økonomiske verdiar.Strid rundt eigarskifte kan også utfordre prinsippet om at fiskeflåten skal vere eigd av såkalla aktive fiskarar, fordi det gir eigarane færre alternativ enn om det var heilt fritt fram til å selje og kjøpe aksjar i fiskebåtreiarlag. Realiteten er at du ikkje treng vere på sjøen for å vere innanfor regelverket, men det begrensar likevel kven som kan eige fiskebåtar. Nokre av eigarane vil også ha tettare band til sjølve drifta - enten på kontoret på land eller på brua ombord. Dei vil naturleg nok ha andre interesser enn dei som berre er passive eigarar.At det heller ikke er lov å samle mange båtar på få hender gjer og at fiskerbåteigarar ikkje har same vilkår som eigarar av ei industribedrift, om nokre eller alle eigarane vil ut.Ein konsekvens av slike saker som Torbas-striden kan sjølvsagt bli at fiskebåtreiarlag byrjar å legge større vekt på å betale store utbytte til eigarane. Det kan sikre at dei passive medeigarane er fornøgde med avkastinga på eigarskapet, og blir mindre lystne på å selje seg ut.Det vil i så fall utfordre tanken om å reinvestere overskot i stadig betre båt og utstyr, ein ide som nok er like fastgrodd hos fiskarane som den var hos offshorereiarane. Kanskje det berre er å venne seg til tanken først som sist, utbyttet må opp uansett. Enten må det opp for å bygge opp ei formue som eigarane som vil drive fiskebåtreiarlaget vidare etterkvart kan bruke til å kjøpe ut resten, eller for å blidgjere dei passive medeigarane - slik at dei blir sittande.
Publisert: 10.12.2017 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59