Vanskeleg aa tenke klart med kniven paa strupen
IKKJE NOK: Store kutt i kostnadane i sentraladministrasjonen i fylket er ikkje nok til å hindre kutt i populære løyvingar til samferdsel og utdanning i Møre og Romsdal. Aktørane som blir råka har kort tid på seg til å vere konstruktive.
Analyser

Vanskeleg å tenke klart med kniven på strupen

Sjølv om Møre og Romsdal halverer kostnaden til sentraladministrasjon kjem fylket ikkje i mål med kuttplanen sin.

10.11.2019

ANALYSE

Kvar meiner de det skal kuttast i staden for? Det har NETT NO spurt aktørane som protesterer mot framlegget til innsparingar på cirka 240 millionar kroner som fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik la fram denne veka. Det er spesielt kutt i yrkesutdanninga som møter protestar.Det mest konkrete svaret vi har fått er å ta større kutt i fellesadministrasjon og politikarkostnadar.Dei utgjer imidlertid berre fem prosent av eit budsjett på knapp 5,8 milliardar kroner, altså i underkant av 290 millionar.I det talet er mellom anna IT-drift for dei vidaregåande skulane, juristar som skriv og kontrollere kontraktar. I alle fall ein del av det som blir betalt for under denne posten er truleg nyttig, og blir det kutta kan det hende noko dukkar opp som kostnadar i andre deler fylkeskommunen si verksemd.Dei kuttframlegga som fylkesrådmannen har lagt fram inneber ein reduksjon i kostnadane på i overkant av fire prosent. Ein del av det er kostnadar som ligg fast, som rentebetaling, avskrivingar og øyremerka tiltak, slik at det politikarane kan kutte i er kostnadar på omlag fire milliardar. Med det utgangspunktet blir kostnadskuttet omlag seks prosent.Om vi tar i reduserer løyvingane til fellesadministrasjon langt meir, til dømes 20 prosent av dei totale kostnadane, utgjer det i underkant av 60 millionar kroner. Det er likevel 180 millionar kroner att som må kuttast.Skal det monne er det med andre ord vanskeleg å unngå å redusere kostnadane dei postane som veg tyngst, utdanning og samferdsel. Dei er omlag like store og til saman utgjer dei 83 prosent av utgiftene til fylkeskommunen. (Sjå grafikk).Det betyr at det må prioriterast på sektorar der det er politisk upopulært å kutte, og der alle kutt betyr å prioritere nokre interesser før andre. Frå eit næringslivsperspektiv er det til dømes klart mest fornuftig å kutte i tilbodet til dei som vil lære musikk, dans og drama framfor å kutte i yrkesutdanning.Men fylkesrådmannen foreslår kutt i begge. Redusert elevinntak på det utdanningstilbodet i musikk, dans og drama skal gi 18 millionar kroner i årlege innsparingar når kostnadsreduksjonane er heilt fullført i 2023. I yrkes-, forsking- og entreprenørutdanningstilbodet skal det kuttast 17,9 millionar kroner. Det største kuttet på det feltet skal kome ved å legge ned tilbodet om utdanninga som kombinerer fagbrev og studiekompetanse, der det no er 196 elevar. Tilbodet er for dyrt i høve til talet på elevar, og dei som går der brukar likevel ikkje fagbrevet, men studerer vidare til ingeniør i følgje fylkesadministrasjonen.Svaret frå næringslivet er at ein ingeniør med fagbrev er ein betre ingeniør. Kombinasjonen av ei utdanning som både gir fagbrev og studiekompetansen blir gitt på fem vidaregåande skular; Kristiansund, Fræna, Haram, Ålesund og Ulstein.Ein ingeniør med fagbrev frå ei bedrift på Nordvestlandet vil sannsynlegvis også vere meir innstilt på å studere vidare her - og ikkje minst søkje jobb på Nordvestlandet etter endt utdanning- enn ein som flyttar ut av fylket etter å ha gjort seg ferdig med almenfagleg vidaregaånde utdanning.Men det er billegare å la elevane på desse utdanningane ta vanleg almenfagleg utdanning.Ulempa er at ei del av dei då truleg ikkje blir ingeniørar og at dei som blir det ikkje får den ekstra ballasten som fagbrevet gir. Men Guttelvik og administrasjonen hans har kniven på strupen. Kostnadane skal kuttast, og blir dei ikkje det aukar faren for at fylket blir sett under statleg administrasjon - og det er ingen garanti for å oppretthalde yrkesutdanningstilbodet. Proteststrategien baserer seg på å lage så mykje leven at politikarane bakkar ut. Det kan lukkast, men kan bety berre ei kortvarig utsetjing før sparekniven kjem fram på ny.Suksess for protestrategien krev og at ein lukkast i å lage mest leven.Det er det ingen garanti for når ein av konkurrentane er aktørane i kulturlivet og elevar som har lært seg musikk, dans og ikkje minst drama.Spørsmålet er då om ikkje bedriftene og næringslivsorganisasjonane må ha meir om kome med enn å berre protestere. Kuttframlegga skal gjelde frå 2020. Problemet er at det er kort tid å vere konstruktiv på.

Publisert: 10.11.2019 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59