Ventar paa veksten
VEKST: Styreleiar Nora Förisdal Larssen og konsernsjef Olav Holst-Dyrnes har gjennomført mange tiltak for å auke lønsemda i selskapet, men veksten for hovudproduktet - Stressless-møblane - let vente på seg.
Analyser

Ventar på veksten

Etter å ha betalt ut over 900 millionar kroner i utbyte i fjor har det ikkje skjedd så mykje med aksjekursen i Ekornes.

18.02.2018
ANALYSEPresentasjonen av 2017-resultatet fredag 16. februar fekk knapt aksjeinvestorane til å reagere. Kursen enda på 113,20 kroner pr. aksje, ein nedgang på 0,53 prosent samanlikna med torsdagen, og omlag på same nivå som i midten av juni 2017.Fredagens aksjekurs verdset Ekornes til 4,2 milliardar kroner.Det er godt over snittet dei siste åra, men aksjekursen har altså ikkje vore inne i ein stigande trend sidan sommaren 2016-våren 2017.I midten av oktober 2014 var kursen nede på 70 kroner aksjen. Deretter gjekk det bratt oppover til ein topp i mai 2015, med 107 kroner aksjen. Den kursen nådde ikkje Ekornesaksjen igjen før tidleg i desember 2016. Då var aksjen inne i ei oppgangsperiode som toppa seg i tidleg i mai 2017, med 135 kroner aksjen, rett før utbetaling av det ekstraordinære utbytet. Etterpå stupte aksjen til 102 kroner, før den raskt henta seg inn. Etterpå har kursen svinga mellom i overkant av 110 og 121 kroner aksjen.Eit auka utbytenivå skal normalt dempe kurssvingingane i ein aksje, men mangelen på verdistigning sidan i fjor sommar har truleg mest å gjere med mangel på vekst for hovudproduktet, Stressless-stolar og -sofaer.I fjerde kvartal i fjor vart det laga knapt 1600 Stressless-sitteplassar om dagen. Det er omlag på nivå med fjerde kvartal 2016.I beste fall kan det seiast å vere ei utflating etter ein langvarig nedgang. I 2014 laga Ekornes i gjennomsnitt 1736 Stressless-sitteplassar (stolar og sofaer) pr. dag. Gjennom heile 2015 låg gjennomsnittet under 1700 sitteplassar dagleg, og i første kvartal 2016 var produksjonen 1653 sitteplassar dagleg. Å produsere færre stolar og sofaer treng ikkje vere negativt - for aksjekursen - dersom selskapet klarer å auke lønsemda i den produksjonen det har, enten ved kostnadskutt eller ved å lage møblar som kundane vil betale meir for. Så langt er det kostnadskutt og effektivisering i produksjonen som har gitt løft i lønsemda. Ekornes har neppe rom for å ta ut høgare pris i den delen av marknaden selskapet opererer i dag. Konsernet må skape vekst. Det har det klart med datterselskapet IMG, som er den mest lønsame delen av Ekorneskonsernet akkurat no. Der blir det og investert i auka produksjonskapasitet. IMG er ei satsing på møblar i ei litt rimelegare prisklasse, og langt på veg med eigne distribusjonskanalar. Men IMG utgjer førebels for liten del av konsernet til at utviklinga der vil drive aksjekursen.Mange nye modellar og satsinga i eit nytt segment, med eige spisestovebord og spisestove-stolar, har førebels ikkje vore nok. Det kan skuldast at dei nye modellane og spisestovemøblane ikkje har vore lenge nok i marknaden til å ha fått full effekt. Den førebels manglande veksten etter alle lanseringane av nye modellar kan også skuldast at det må enno meir til.Ei ytterlegare satsing på produktutvikling, som Ekornessjef Olav Holst-Dyrnes fortalde om på fredag, tyder på at det er ei oppfatning selskapet deler.At Ekornes reverserer avtalar med rundt 200 møbelforretningar i Sør-Europa etter få år, viser og at selskapet ser at det kan få eit løft ved å gjere det betre på marknadsføring og distribusjon. Vekst er ikkje berre eit spørsmål av interesse for aksjonærane. Vekst er viktigast for dei tilsette, og for Sykkylven og Hornindal, der Ekornes er ein stor arbeidsgivar.Stagnering i salet betyr ikkje stabil bemanning, men kutt.Gradvis vil Ekornes utvikle smartare måtar å lage møblane sine på, og utvikle robotar og dataprogram som kan ta over fleire og fleire manuelle operasjonar.No er den største merksemda på det feltet retta mot systova, den minst automatiserte delen av produksjonen.Men robotane kan ikkje jobbe åleine. Dei må ha folk saman med seg. Med vekst kan Ekornes opprettbehalde bemanninga, eller til og med auke den.

Publisert: 18.02.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59