Marianne Sivertsen Naess foto Marius
SVARAR: Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss (Ap) har svara Jenny Klinge (Sp) på eit nytt spørsmål i striden kring eigarendringane i Aker-selskap. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Fiskeriministeren om krillavgjerd: – Det vil ta tid

Forsikrar at departementet tek saka på alvor.

Marius Rosbach
12.09.2025

Det verkar ikkje ligge an til ei snarleg avgjerd i vurderinga av det omstridde eigarskapet i Aker Qrill Company – tidlegare Aker BioMarine Antarctic. 

Det kjem fram i eit svar frå  fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss (Ap) til Jenny Klinge (Sp) i Stortinget. 

Klinge ville vite kvifor nærings- og fiskeridepartementet har brukt over eitt år på å handsame ei sak den underordna etaten Fiskeridirektoratet i juni 2024 brukte tre dagar på.

Næss påpeiker at Fiskeridirektoratet si avgjerd om å godkjenne eigarendringane i selskapet, ikkje blei klaga på. 

Difor fekk aldri departementet saka formelt på sitt bord - men har teke tak i den på eige initiativ. 

– Som kjent har det likevel i etterkant vore relativt stor merksemd rundt transaksjonen og om usemja mellom Aker BioMarine Antarctic AS og eit anna krillselskap, Rimfrost AS, svarar Næss om årsaka til at dei vil sjå nærare på saka. 

– Dette arbeidet tek departementet på alvor, men det vil ta tid og på ordinær måte skje i dialog med parten i saka, Aker BioMarine Antarctic AS, legg ho til. 

Til sist gjentek statsråden at ho ikkje vil kommentere innhaldet i saka, så lenge det er ein prosess i departementet. 

Kalla tidsbruken for «uforståeleg»
Saka gjeld Aker Biomarine sitt sal av ein andel av verksemda si til det amerikanske American Industrial Partners - det som no er krillfiskeselskapet Aker Qrill Company. 

I august i fjor stilte bransjeorganisasjoenn Fiskebåt spørsmål ved om salet gav American Industrial Partners den reelle kontrollen over Aker Qrill Company, i strid med deltaktarlova.

Klinge kalla tidsbruken for «uforståeleg», og viste til at det i juni blei sendt eit brev med fleire spørsmål til selskapet sine advokatar med svarfrist «så lang som til den 5. september», skreiv ho i sitt spørsmål. 

Sp-politikaren meinte det tyda på at saka ikkje blei teke på alvor. 

Publisert: 12.09.2025 11:48

Sist oppdatert: 12.09.2025 12:25

Mer om