Utfordringa med at stadig fleire står utanfor arbeidslivet stod på dagsorden på Pir onsdag denne veka. Då var næringlivsleiarar og andre invitert til haustlunsj i regi av advokatfirmaet Øverbø Giørtz og Sparebanken Norge.
– Arbeidsgivarane er dei som sitt med nøkkelen kring dette, meinte marknadskoordinator Per Atle Sjåstad i Nav på Sunnmøre.
Om til eksempel alle bedrifter med over ti tilsette i Møre og Romsdal tek inn éin person ekstra, svarar det til talet på unge i fylket som i dag er i utanforskap.

Brukar 250 millionar på Sunnmøre
Samtidig kunne Sjåstad vise til at Sunnmøre var beste region i landet til å få folk i arbeid via Nav.
– Området vårt er best i Norge på dette. Vi brukar mykje meir på mentortilskot og lønstilskot enn mange andre, seier Sjåstad.
Berre på Sunnmøre nyttar Nav årleg kring 250 millionar kroner på ulike tiltak for å få fleire i jobb.
Dei nemnte ordningane er berre nokre av fleire tiltak i verktøykassa til Nav, som bedrifter kan nytte seg av.
– Nav kan hjelpe til med å finne arbeidskraft blant prioriterte målgrupper, hjelpe med rettleiing og arrangere rekrutteringstreff og jobbmesser, sa Sjåstad.
Kring ein av fire i regionen utanfor arbeidslivet
Marknadskoordinatoren la fram tal som viste at det for augneblinken er kring 19.000 personar berre på Sunnmøre som på ulike måtar er ute av det vanlege arbeidslivet.
Samla utgjer det kring ein firedel av heile befolkninga i arbeidsfør alder i regionen.
Om lag 8000 personar er uføre, nær 7000 personar har nedsett arbeidsevne – og kring 4000 er til ein kvar tid sjukemeld.
I tillegg kjem kring 1500 personar som er registrert som arbeidssøkjande hos Nav.
Stor mangel på arbeidskraft
Samtidig som fleire hamnar i utanforskap, er behovet for arbeidskraft skrikande.
Den årlege bedriftsundersøkinga til Nav i Møre og Romsdal viser at arbeidsgivarane i fylket manglar folk til over 9.000 stillingar.
Sjåstad er overtydd om at samarbeid mellom Nav sitt hjelpeapparat og bedriftene, er noko av løysinga for å få fleire i arbeid.
– Mange opplever stor avstand til krava
Nav-koordinatoren oppmoda næringslivet til å tenke alternativt – ikkje minst når det gjeld kva krav som blir sett.
– Mange opplever stor avstand til krava som blir stilt til ulike stillingar. Og ofte finst kanskje ikkje dei folka som det blir søkt etter, sa han.
Ved å senke terskelen kan det vere lettare å sikre seg den arbeidskrafta ein treng.
– Det er mange type jobbar der det eigentleg held at du kan snakke med folk og oppføre seg, i tillegg til at du møter opp. Resten kan ein lære seg, la Sjåstad til.
Publisert: 12.09.2025 15:06
Sist oppdatert: 12.09.2025 15:11






