Med temaet «Vegen til verdsrommet» tek Mikkelsen publikum med bak kulissane i romfartslivet, og deler erfaringar frå ein kvardag der teknologi ikkje berre er verktøy, men livsnaudsynt.
Ikkje berre science fiction
Denne dagen vil du få inn under huda at kunstig intelligens, IoT og virtuell verkelegheit no er tilgjengeleg for alle, og Pål Haugen frå ÅKP vil gje oss praktiske demonstrasjonar på korleis desse teknologiane kan takast i bruk for å hente ut gevinstar i bedrifta.
Asgeir Vikanes frå Rapid by Oxx viser oss korleis AI-agentar kan brukast for å gjere det umoglege mogleg – og gjere oss meir effektive.
Å realisere desse gevinstane krev at leiinga er på ballen. Det er leiinga sitt ansvar å forstå moglegheitene teknologien fører med seg, og Camilla Tepfers frå InFuture navigerer oss gjennom dei vanlegaste snubletrådane.
Stø kurs inn i framtida
Støvet har lagt seg etter vårt første møte med generativ KI – men kvar går vegen no? Korleis styrer vi med kløkt gjennom usikre tider, og implementerer teknologi i bedrifta på ein verdiskapande, sikker og berekraftig måte?
Saman med våre samarbeidspartnarar NTT Security og Fortinet vil vi gje deg eit inntrykk av moglegheitene og dei viktigaste grepa alle bedrifter må ta for å stå imot stadig større digitale truslar.
I tillegg til matnyttige og inspirerande føredrag vil Teknomagi 2025 by på paneldiskusjonar og rikeleg med moglegheiter for å knyte kontaktar på tvers av fagfelt og bransjar, etterfulgt av middag med underhaldning av Arne Hjeltnes.
12. juni brakar det laust på NMK – og du kan melde deg på no på tussa.no/teknomagi.
Publisert: 20.05.2025 00:00
Sist oppdatert: 20.05.2025 08:45
Tussa IKT AS
Tussa IKT produserer og sel tenester innan IT, digital sikkerheit og kommunikasjon. Tussa IKT sitt breibandsnett dekkjer heile søre Sunnmøre, og selskapet byggjer ut fiber til hushaldningar og bedrifter. Parallelt med dette blir det satsa sterkt på IT- og skytenester til næringslivet, både i vår region og nasjonalt.
Sentralbord: 70 04 62 00
www.tussa.no