Annonsørinnhold
Binary shield
Brand stories

Ser du verdien i digitale verdiar?

Kvart år i oktober koordinerer NorSIS Nasjonal Sikkerheitsmånad. I år er temaet «våre digitale verdiar». Tek vi oss eigentleg tid til å reflektere over kva verdiar bedrifta sit på, og kva konsekvensane blir for deg og kundane dine dersom vi ikkje tek vare på dei?

17.10.2024

I dag skjer det aller meste digitalt, og bedrifter må balansere mellom å utnytte moglegheitene som ligg i ny teknologi, og å sikre data mot stadig meir sofistikerte kriminelle aktørar.

Data er bedrifta sitt gull
Flaumen av informasjon som aldri tek slutt opnar for mange moglegheiter. Informasjonen du sit på er bedrifta sitt gull, ei drivkraft for innovasjon og for mange det aller viktigaste konkurransefortrinnet.

Du tenkjer kanskje først på kundedata – personleg informasjon om kundane dine, som kjøpshistorikk og kontaktinformasjon. Å miste denne informasjonen fører med seg både dei økonomiske konsekvensane av å miste tilgangen til kundane dine, men òg store omdømekonsekvensar. Når kundane deler informasjon med deg, har dei tillit til at du forvaltar denne informasjonen på ein forsvarleg måte.

Dei fleste bedrifter har òg annan informasjon som kan medføre gje store konsekvensar dersom dei kjem på avvegar. Forretningsstrategiar som teiknar opp kursen for bedrifta dei neste åra, eller patentinformasjon, innovasjonar og andre forretningshemmeligheiter.

Kva skjer om produksjonen stoppar opp? Rutinar og interne prosessar er ein viktig del av ryggrada til bedrifta, som dokumenterer korleis produsere og levere varer og tenester raskt og effektivt. Å miste tilgangen til denne kan føre til forseinkingar og auka kostnader, som igjen får store konsekvensar for drifta.

Tidleg oppdaging minimerer skaden
For mindre bedrifter er det i halvparten av tilfella tilfeldig at eit sikkerheitsbrot blir oppdaga. Med auka bruk av heimekontor og fleksible arbeidsforhold, er det ein stor risiko for at vondsinna aktørar finn ein veg inn. Dei fleste cyberangrep skjer utanfor normal arbeidstid, til dømes i ferien, i helga eller om natta. Tida det tek før hendingar vert oppdaga er kritisk for å avgrense skadeomfanget.

Difor har vi lansert tenesta MDR-SOC 247, som gir små og mellomstore bedrifter tilbod om ei overvakingsteneste som tidlegare har vore forbeholdt dei største selskapa. Med denne tenesta får du det du treng for å liggje i forkant av cyberangrep heile døgnet, heile året. Gjennom vår partnar NTT Security har vi analytikarar på plass i vårt sikkerheitsoperasjonssenter, som kontinuerleg analyserer, kategoriserer og rapporterer trusselhendingar.

2
Gjennom vår partnar NTT Security har vi auge på skjermen heile døgnet, heile året.

Bevisste medarbeidarar gir tryggare drift
Tussa IKT har ei eiga avdeling for informasjonssikkerheit som arbeider for at kundane våre skal liggje i forkant av cybertrusselen, og tilbyr sikkerheitstenester i toppklasse som sikrar klientar og infrastruktur mot dataangrep. Likevel er det eitt element som er avgjerande: folka. Å gjere medarbeidarane dine meir bevisste på sitt eige ansvar er det viktigaste tiltaket du kan gjere for å trygge drifta.

Phishing og andre svindelforsøk er den vanlegaste måten for kriminelle å få tilgang til bedrifta sine system. Å gje medarbeidarane kunnskapen som trengst for å tryggje både seg sjølv og bedrifta, er viktig for å skape ein god sikkerheitskultur.

Dersom du ønskjer å gje sikkerheitskulturen eit løft, kan du ta kontakt med oss. Sikkerheit er eit kontinuerleg arbeid, og alle medarbeidarane har eit ansvar. Gjennom vår partnar Secure Practice tilbyr vi e-læring om informasjonssikkerheit, analyse av mistenkjeleg e-post og simulert phishing.

Om du vil lese meir finn du både guidar, kurs og podcast om nasjonal sikkerheitsmånad og årets tema på norsis.no.

Innholdet i denne artikkelen er ikke laget av redaksjonen i NETT NO, men er betalt innhold laget på vegne av Tussa IKT AS på linje med andre annonser. Om du mener dette ikke er godt nok merket, gi oss gjerne beskjed på e-post, redaksjon@nett.no.

Publisert: 17.10.2024 00:00

Sist oppdatert: 17.10.2024 08:39

Tussa IKT AS

Tussa IKT produserer og sel tenester innan IT, digital sikkerheit og kommunikasjon. Tussa IKT sitt breibandsnett dekkjer heile søre Sunnmøre, og selskapet byggjer ut fiber til hushaldningar og bedrifter. Parallelt med dette blir det satsa sterkt på IT- og skytenester til næringslivet, både i vår region og nasjonalt.

Sentralbord: 70 04 62 00
www.tussa.no

Bedrifter/Tussa IKT AS