Kort fortalt

1,4 milliardar kroner dagleg

Det meiner NHO er prisen på koronatiltaka.

01.04.2020
NPK-NTB: Koronatiltaka kostar 1,1 milliardar per dag i tapt verdiskaping og 0,3 milliardar i tap fordi foreldre må passe barn heime, har NHO rekna ut.
NHO har levert eit innspel til Helsedirektoratets vurderingar om framhald av smitteverntiltaka etter 13. april.
Her understrekar hovudorganisasjonen at dette er grove reknestykke, men peikar òg på at lågare produksjon i bedrifter som ikkje er ramma av permisjonar, enno ikkje er teke med.
– Denne krisa har eit så stort omfang at tidsdimensjonen òg blir svært viktig. Bedrifter med høgare utgifter enn inntekter vil bukke under. Det er berre eit spørsmål om tid. Dess fleire bedrifter som går over ende, dess fleire permisjonar vil bli gjorde om til oppseiingar, heiter det i rapporten.
Vidare skriv NHO at dei mest krevjande tiltaka for næringslivet er stengde skular og barnehagar, lokale reiserestriksjonar og karantenereglar og verksemdsforbod i visse næringar. NHO ber om at desse tiltaka er dei første som det blir lempa på.
Dei ber òg om utvida testing, slik at bedrifter kan finne ut om tilsette er smitta, og at tilrådingane om heimekontor blir lempa på, slik at fleire kan dra på jobb.

Publisert: 01.04.2020 18:49

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:28