Kort fortalt

1,8 milliardar i handelsunderskot i juli

12,5 lågare enn i fjor, viser SSB-tal.

Marius Rosbach
17.08.2020
(NPK-NTB): Eksporten i juli utgjorde 58,4 milliardar kroner. Det er 12,5 prosent lågare enn tilsvarande periode i fjor.
Importen auka derimot med 0,5 prosent og enda på 60,2 milliardar kroner. Dette gav eit handelsunderskot på 1,8 milliardar kroner, viser nye tal frå .
Samanlikna med juli i fjor er det særleg naturgass og raffinerte mineraloljeprodukt som bidreg til nedgangen i eksportverdien. Ein auke i oljeeksporten dempar fallet.
(©NPK)

Publisert: 17.08.2020 09:27

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25