Fiskeriverksemda P Stave sin næringseigedom på Stadlandet er lagt ut for sal for 18 millionar kroner, ifølgje Fjordabladet.
– Vi måtte melde oppbod i 2022, og så prøvde vi igjen og starta opp med nytt selskap. Det har vore utfordrande med ein tøff økonomi, spesielt siste åra, fortel Peder Stave til avisa.
Advokat Endre Rutedal i Advokatfirmaet Angelshaug & Co AS opplyser til avisa at det har vore noko interesse for eigedomen.
Historia til familiebedrifta på Stadlandet strekkjer seg tilbake til 1970-talet. Peder Stave legg ikkje skjul på at det er trasig å slutte.
– Vi må sjå konsekvensen av utviklinga. I tillegg har det vore ein eksplosjon i råvareprisar. Vi må sjå realitetane i saka, og difor luftar vi eigedommen ut for sal, seier Stave.
Publisert: 27.01.2026 05:51
Sist oppdatert: 27.01.2026 05:51






