Kort fortalt

100 restaurantar er koronakonkurs

Mange vil slite med feriepengar.

03.06.2020
NPK-NTB: Restaurantbransjen er blant dei hardast ramma av koronakrisa. Samanlikna med same tid i fjor er konkursauken på over 72 prosent.
Sidan landet «stengde» 12. mars har 100 restaurantar gått konkurs. Det viser tal frå Brønnøysundregistera onsdag ettermiddag.
For kokk og restauranteigar Henrik Henriksen gjekk ein av restaurantane hans, Taco Republica, konkurs i mars. Samtidig driv han og partnaren spisestaden Ben Reddik vidare.
– Vi må tenkje på kostnader heile tida, vi kan ikkje lenger sløse, vi må bruke kvar einaste krone fornuftig for å overleve. Bransjen er trua på livet slik det står no, seier Henriksen til .
Dei neste vekene skal mange selskap betale feriepengar til sine tilsette og utsett moms til staten. Sjølv om mange restaurantar no har fått lov til å opne dørene igjen, går mange framleis ei usikker framtid i møte.
– Eg trur det kjem ein kraftig konkursauke, kanskje i midten av juni, i samband med utbetaling av feriepengar. For éin ting er å oversitte forfall på momsinnbetalinga, men ein utset ikkje feriepengeutbetaling dersom ein ikkje har likviditet, seier Nils Holger Koefoed i Ro Sommernes advokatfirma til avisa.

Publisert: 03.06.2020 18:18

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26