NPK-NTB: Minst 12.000 nordmenn er i Spania. No åtvarar Helsedirektoratet om at dei sannsynlegvis må i karantene når dei kjem heim.
– Vi bruker selskapet Everbridge som gjennom avtalar med teleselskapa registrerer kor mange norske sim-kort som er bruk i Spania. Per i dag, 21. juli 2020, er dette snakk om rundt 12.000 stykk, opplyser Helsedirektoratet til .
Ifølgje Helsedirektoratet har dei ingen «informasjon om desse SIM-korta utover dette, verken kor dei er i Spania, kven som eig SIM-korta er eller når dei kom til landet».
No har nordmenn i Spania motteke ei tekstmelding frå Helsedirektoratet. Der blir dei åtvara om at Spania truleg blir eit «raudt» land fredag.
– Med smittesituasjonen i dag, er det sannsynleg at nordmenn på reise i Spania vil får karanteneplikt frå og med fredag denne veka, seier assisterande helsedirektør, Espen Rostrup Nakstad i ein .
Regjeringa vil i slutten av denne veka avgjere om Spanias status blir endra frå grøn til raud, noko som vil innebere gjeninnføring av karantenekravet ved innreise til Noreg.
– Det er statusen i landa ved innreisetidspunktet til Noreg som er avgjerande for om du får ti dagars karantene, seier Nakstad.
Reisande frå Spania som kjem til Noreg den dagen Spania har raud status, vil dermed bli pålagt ti dagars karantene, sjølv om statusen til Spania skulle endrast til grøn i karanteneperioden.
Reisande frå Spania som kjem til Noreg medan Spania har grøn status, blir ikkje pålagd karantene, uansett om Spanias status skulle bli raud i dagane etter innreise.
Viss dette skulle skje, oppmodar Helsedirektoratet likevel om at ein følgjer med på moglege koronasymptom og testar seg viss ein får luftvegssymptom eller feber.
Spreiinga av koronaviruset har særleg auka i dei nordlege regionane Aragón og Catalonia. I resten av Spania er smittetala låge. Karantenekrava vil likevel gjelde uansett kvar i Spania ein har opphalde seg.

Publisert: 21.07.2020 18:49
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25