Orskogfjellet skisenter foto orskogfjellet skisenter
DUGNADSBASERT: Drifta ved skisenteret på Ørskogfjellet er basert på dugnad frå Ørskogfjellet skilag. Foto: Ørskogfjellet skisenter
Kort fortalt

13. året med tap på Ørskogfjellet

Skisenteret har ikkje hatt overskot sidan Aksel Lund Svindal var verdseinar.

Marius Rosbach
28.05.2024

Ørskogfjellet Skisenter As hadde eit nytt år med minustal i rekneskapen, viser årsmeldinga for 2023.

Inntektene var dei beste sidan 2018-rekneskapen med 215.000 kroner. Resultat før skatt vart minus 146.000 kroner, som er nokre titusenar lågare enn året før (sjå tabell under).

Selskapet som er eigd av Ørskogfjell skilag, har gått i minus dei 13 siste åra, og 2010 var førre år med overskot.

Selskapet, som ikkje har tilsette, hadde framleis ein bokført eigenkapital drygt 1,3 millionar kroner ved utløpet av året.

I år stengde senteret heisen 30. mars, ifølgje ei melding på nettsida deira.

Ørskogfjellet Skisenter As
Tal i mill. kroner
2023
2022
Driftsinntekt
0,22

0,2

Driftsresultat

-0,15
-0,18

Resultat før skatt

-0,14
-0,17

Publisert: 28.05.2024 10:00

Sist oppdatert: 28.05.2024 10:00

Mer om