Første utdeling frå ny stifting
Deler ut 21,6 millionar kroner i første runde.
Over 80 søkjarar får pengar frå Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre si første utdeling.
I fjor vår var nær 170 års lokalbankhistorie over då Sparebank 1 Søre Sunnmøre gjekk inn i Sparebank 1 SMN.
Då fusjonen med Sparebank 1 SMN blei vedteke hausten 2022, vart det bestemt at eigenkapitalbevis som då hadde ein verdi på kring 1,4 milliardar kroner skulle gå inn i Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre.
Største eigar
Stiftinga er største eigar i banken, med ein eigarandel på 8,99 prosent av eigenkapitalbevisa, med ein verdi på over to milliardar kroner i dag.
Stiftinga vart tidlegare år tildelt 155 millionar kroner i utbytte frå Sparebank1 SMN.
Planen til stiftinga er å dele ut mellom 35 og 40 millionar kroner i gåver kvart år, fordelt på ei utdeling om våren og ei om hausten. I dag vart den første utdelinga markert med ein pressekonferanse .
For å dempe verknaden av svingingar i verdipapirmarknaden vil stiftinga bygge opp eit gåvefond på omlag 200 millionar kroner, for å sikre ei stabil utdeling av gåvemidlar frå år til år.
Fullmakt til å selje
I dag ligg alle verdiane i stiftinga i ei korg, 12.971.224 eigenkapitalbevis i Sparebank 1 SMN.
På gårsdagens generalforsamling fekk stiftinga ei eitt-årig fullmakt til å selje ut inntil 2,5 millionar eigenkapitalbevis, som utgjer omlag 350 millionar kroner med dagens kurs.
Pengane skal reinvesterast og sikre stiftinga fleire bein å stå på.
– Vi skal ikkje inn i enkeltaksjar. Skal vi inn i noko anna enn eigenkapitalbevis i Sparebank 1 SMN, så er fond det naturlege; pengemarknadsfond, obligasjonsfond og aksjefond, sa styreleiar Arild Hatløy til Nett No tidlegare i år.
Søkjar | Formål | Beløp tildelt |
Utbetalingar i kroner | ||
BERGSØY IDRETTSLAG | Nytt tartandekke Bergsøy Stadion | 1 000 000 |
DIMNA IL | Nytt tartandekke stadion | 1 000 000 |
HASUNDGOT IL | Isolert sportshall - Hasundgot IL | 1 000 000 |
HOVDEBYGDA IDRETTSLAG Langrenn | Rehabilitering av tur- og skiløyper på Bondalseidet | 1 000 000 |
HOVDEBYGDA OG ØRSTA SKYTTARLAG | Ny innandørs skytebane | 1 000 000 |
SÆBØ IDRETTSLAG | Sæbø Aktivitetspark | 1 000 000 |
VARTDAL TURN OG IDRETTSLAG | Klubbhus på VD stadion | 1 000 000 |
ØRSTA IDRETTSLAG Friidrett | Rehabilitering av løpedekket på Ørsta stadion | 900 000 |
HELSE MØRE OG ROMSDAL HF Pusterom opptrening | Pusterom Volda for kreftpasienter | 800 000 |
HOVDEBYGDA IDRETTSLAG Fotball | Hovdebygda stadion, byggesteg 2 | 750 000 |
GURSKØY IDRETTSLAG | "Tursti/turveg Leikongsætra i Herøy" | 500 000 |
HORNINDAL SKISENTER AS | Planering av heistrase og forbetra drenering /flaumsikring | 500 000 |
SPAREBANK 1 SMN Bokprosjekt | Bokprosjekt - SpareBank 1 Søre Sunnmøre si historie | 500 000 |
ØRSTA HEST AS | Stall i ridehall og ridebaner i Idrettsparken. Prosjekt terapiriding. | 500 000 |
ØRSTA RØDE KORS | Utskifting av heis | 500 000 |
ØRSTA SKISENTER AS | Utbetring drenering av hovedtrase og turløype | 500 000 |
VOLDA RØDE KORS | Redningsutstyr scooter med tilhengar - Volda Røde Kors Hjelpekorps | 450 000 |
ØRSTA RØDE KORS | Innkjøp av skredsekkar og snøskuter med tilhøyrande tilhengar | 450 000 |
ØRSTA IDRETTSLAG Fotball | Utskifting av halogen lys på Aurstad Arena | 400 000 |
FOREININGA GROBYGGET | Bygge nytt kjøkken i Grobygget i Hornindal | 350 000 |
EIKSUND BYGDELAG | Etablering av kunstig sandstrand på Eiksund | 300 000 |
STIFTINGA BJØRNDALFONDET | Rehabilitering av kulturhistorisk bygg i Ulsteinvik | 300 000 |
STIFTINGA GAMLEGYMNASET I VOLDA | Vedlikehald og oppgradering av sanitærforhold | 300 000 |
VOLDA SENTRUM GRENDALAG | Jungelen ved Øyra skule oppgradering | 300 000 |
FLØ IDRETTSLAG | «MØTEPLASSEN» | 270 000 |
VOLDA SKULEKORPS | "Nye Volda Skulekorps" | 250 000 |
VOLDA TURN OG IDRETTSLAG - Langrenn og skiskyting | Stadionbelysning og anna teknisk anlegg | 250 000 |
VOLDA ØRSTA FLYKLUBB | Flytjenesten - et samfunnsnyttig bidrag | 250 000 |
ÅRAM IDRETTSLAG | Hakalletrappa | 250 000 |
BERGSØY IDRETTSLAG | Nytt lydanlegg i Herøyhallen | 200 000 |
FLØ GRENDALAG | Fleirbrukshus, kjøkken | 200 000 |
METIZPORT ACADEMY | Metizport - En ikluderingsarena for fremtiden | 200 000 |
VOLDA SKYTTARLAG | Elgbane/Løpende viltmål | 200 000 |
ØRSTA IDRETTSLAG Innebandy | Nærmiljøanlegg Eiksund - Ørsta, Volda og Hødd IL - Innebandy. | 200 000 |
MELLESTIFTELSEN SVENDSENSGARDEN I ØRSTA | Varmepumper, sikring av bygg | 175 000 |
LID IL | Ballbinge på Lid | 150 000 |
VOLDA CAMPUS ARENA AS | Utviling av Møteplassen | 150 000 |
VOLDA MANNSKOR | Songskatten | 150 000 |
ØRSTA IDRETTSLAG Turngruppa | Nytt brukt turngulv | 150 000 |
BIGSET BEDEHUS | Betre tilkomst for personer med forflyttingsutfordringar | 100 000 |
BONDALEN FRILYNDE UNGDOMSLAG | Innkjøp av varmepumper til Bondalen grendahus | 100 000 |
FOLKESTAD/TONIKA MUSIKKORPS | Ny fane og nye korpsgenserar | 100 000 |
FORSAMLINGSHUSET LJOSHEIM | Ljosheim oppgradering | 100 000 |
GAMLEBANKEN SCENE Sande | Ny PA og scenerigg | 100 000 |
HADDAL BÅTEIGARLAG | Levande bygder | 100 000 |
HADDAL MUSIKKORPS | Haddal Musikkorps | 100 000 |
KILSFJORD BÅTLAG SA | Keipen Servicebygg | 100 000 |
LILLEEIDE SKYTEBANE SAMEIGE | Finkaliber skytebane på Lilleide | 100 000 |
SPIREN AKTIVITETSHUS | Spiren Aktivitetshus, Ferdigstilling | 100 000 |
STIFTELSEN VIKHOLMEN | Utskifting av vinduer | 100 000 |
SUNNMØRE KAMMERMUSIKKFESTIVAL AS | Sunnmøre Kammermusikkfestival 2024 ungdomsløft | 100 000 |
SUNNMØRSK KLATREKLUBB | Jubileumsløftet 2024 | 100 000 |
TREBAATFESTIVALEN | Trebaatfestivalen | 100 000 |
ULSTEIN TREKKSPELKLUBB | Innkjøp av trekkspel | 100 000 |
VOLDA KFUK-KFUM | Oppussing av peisestove, samlingsplass | 100 000 |
VOLDA OG ØRSTA BALLETTSKUL | Vårshow 1 og 2 2024 " Peter Pan" "Årstidene gjennom dans" | 100 000 |
ØRSTA HORNMUSIKK | Kjøp av nye uniformer | 100 000 |
ÅMDAL UNGDOMSLAG | Bytte av kjøkken | 100 000 |
ÅRAM SOGELAG | Vedlikehald/ restaurering av nyinnkjøpt skulebygg frå 1907. | 100 000 |
KILSFJORD GRENDAHUS SA | Ny varmepumpe og oppvaskmaskin | 90 500 |
HASUND OG DIMNØY UNGDOMSMUSIKKORPS | Hasund og Dimnøy Ungdomsmusikkorps - investeringsbehov | 80 000 |
HORNINDAL BYGDESAMLING | Museum med boksamling, båtutstilling og lokalhistoriske gjenstandar. | 75 000 |
KOMETLAND | Utviklinga av Kometland - etter kometoppdaginga | 75 000 |
PÅRØRANDEGRUPPA ØRSTAHEIMEN | Uteområdet ved Ørstaheimen sansehage | 75 000 |
VARTDALSSTRANDA GENERASJONSKORPS | Jubileumsmarkering og konsert: Vartdalsstranda, i takt sidan 1954. | 75 000 |
VOLDA SMÅBÅTLAG | Miljøsanering Rotsethamna, reint hav | 75 000 |
BYGDEPRIDE | Bygdepride-paraden '24 | 60 000 |
BLÅTINDEN MANNSKOR | Etablering og tilrettelegging | 50 000 |
FISKARKÅNÅ | Oppgradering av parken | 50 000 |
KROKEDALEN OG VALLABØEN GRENDALAG | Ferdigstilling av gapahuk og tilkomstveg | 50 000 |
LIADAL GRENDALAG | "Prosjekt Vaulen" | 50 000 |
NERLANDSØY GRENDALAG | Gapahuk | 50 000 |
NYE HANSVIKA VEL | Støtmatter og kunstgras til leikeplass | 50 000 |
SOLSIDA GRENDALAG | Samlingsplass | 50 000 |
STØTTELAGET FOR SAMHALD | Oppgradering av lyd- og bildeanlegg | 50 000 |
ULSTEIN HISTORIELAG | 20-årsjubileum for Levd liv | 50 000 |
STIFTINGA EMBLA - KVINNESKIPET RO FOR FRED | Stiftinga Embla kvinneskipet ro for fred 30 år i 2024 | 45 000 |
GURSKEN BRASS | Driftsmidler / Digitalisering notar | 40 000 |
MORK FRILYNDE UNGDOMSLAG | Golvsliping og lakkering av golv i sal | 30 000 |
PÅRØRENDE INNEN PSYKISK HELSE SØRE SUNNMØRE | Støtte og hjelp til å meistre kvardagen betre | 30 000 |
VARTDALSSTRANDA SOGELAG | Støtte til bokprosjekt | 21 000 |
HELSETUNETS VENNER Vartdal | Blærescanner til Vartdal Helsetun | 20 000 |
Sum totalt, første tildengsrunde | 21 586 500 |
Publisert: 26.04.2024 10:16
Sist oppdatert: 13.11.2024 21:53