Fleire utanlandske skituristar til Stranda
Fullt køyr i vinterferien med 1000 fullbooka sengeplassar.
(NPK – Bent Tandstad): Strandafjellet er mellom destinasjonane som merkar at det kjem fleire utanlandske besøkande til Norge på vinterferie.
Mari Riksheim er marknadsansvarleg på Strandafjellet Skisenter, som er det største alpinanlegget på Nordvestlandet. Det er folk frå Ålesund og omland som er det største kundegrunnlaget for senteret.
Likevel er det mange både utlendingar og folk frå andre stader i landet. Det er særleg laussnøkøyringa som lokkar mange til Strandafjellet.
Fullt køyr i alle bakkar
I vinterferien er det fullt køyr i alle bakkar og Riksheim tek oss med i gondolen opp til nesten toppen av Roaldshorn, der utsikta er formidabel. Under oss ligg Storfjorden blank og blå, og mellom oss og botnen av anlegget er det kilometervis med snødekte bakkar.
Kombinasjonen av skikøyring og fjordutsikt er noko heilt spesielt, og mange reiser til Stranda nettopp for å oppleve dette.
Storfjorden er synleg store delar av nedfarten, og ein kan velje mellom preparerte og upreparerte trasear. Mange føretrekkjer laussnøkøyring, det er mange som meiner at det å kunne boltre seg i pudder gir den beste skiopplevinga.
Fleire internasjonale besøkande
Det summar i fleire språk oppe på toppen. Mari Riksheim fortel at det er mange utanlandske skituristar i år. Ho har ikkje full oversikt over kor mange utlendingar som vitjar skisenteret, fordi det er eit anna selskap som har ansvaret for overnatting.
Helge Ibrahim, dagleg leiar for Stranda Booking, fortel at dei har rundt 1000 sengeplassar til leige, og at det er heilt fullt i vinterferien.
Han stadfestar at det er mange utlendingar blant dei, og at talet på utlendingar som kjem hit om vinteren no er på høgd med åra før pandemien.
Valde Norge grunna snømangel i Alpane
Ibrahim har likevel ikkje inntrykk av at det er snømangel lenger sør i Europa som gjer at folk søkjer seg til norske vinterfjell.
Ein fransk familie vi snakkar med fortel at dei normalt ville ha reist til Chamonix i Dei franske alpane, men at snømangelen der har gjort at dei har søkt seg til Sunnmøre og Noreg. Og det har dei ikkje angra på. Dei er fulle av lovord om både skianlegget og området rundt.
Dei stadfestar at kombinasjonen av fjell og fjord er svært attraktiv for dei.
Jobbar for heilårsturisme
Presse- og informasjonsansvarleg Helene Siverstøl i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre / Visit Nordvest fortel at vintersesongen ser ut til å bli svært bra.
Det er ein auke i talet på utanlandske vinterturistar, både frå Storbritannia, Sverige, Danmark og Frankrike. Ho fortel at mange kjøper pakkar med overnatting og guide, men at det likevel er flest individuelle reisande.
Den aukande interessa frå utlandet er eit resultat av mange år med marknadsføring mot mange europeiske land, trur ho. Målet er å få turistar til området året rundt.
– Vi jobbar hardt for å bli ein stor heilårsdestinasjon. Potensialet er stort, vi har gode produkt å tilby. Sommaren er framleis viktigaste årstida, men vi ser tydeleg at det aukar på med gjester både vår og vinter, seier ho.
– Rekordtidleg sesongstart
Rapportar frå andre skidestinasjonar på Vestlandet tyder på at trenden med auka besøk gjeld der også.
Det er mykje folk både i Sogndal, på Voss, i Myrkdalen og andre stader i landsdelen. Det er tydeleg at det faktum at den gode, gamle norske vinteren har gjort «comeback», har lokka folk til fjells.
Alpin og Fjell, Norske alpinanlegg og fjelldestinasjoner, er organisasjonen til rundt 200 norske alpinanlegg og åtte av dei største fjelldestinasjonane, og Camilla Sylling Clausen er generalsekretær. Det er sjølvsagt for tidleg å seie noko om tala for denne sesongen, men det ser veldig bra ut, fortel ho.
– Vi hadde rekordtidleg sesongstart, og vi har hatt veldig gode forhold så langt denne vinteren, seier ho til Nynorsk pressekontor.
To millionar utanlandske gjestedøgn
Norske alpinanlegg opplevde samtidig rekordbesøk i fjor. I fjor opplevde næringa ein auke i heiskortsalet med 12 prosent samanlikna med året før, og dei nådde ei omsetning på nesten to milliardar kroner.
Medlemsanlegga i Alpin og Fjell genererte over to millionar utanlandske gjestedøgn sist sesong. Totalt er det snakk om rundt fire millionar gjestedøgn. Og ingenting tyder på at det skal bli færre i år.
Går vi ti år tilbake var den samla heiskortomsetninga på i underkant av ein milliard kroner.
– Det er særleg svenskar, danskar, nederlendarar og britar det blir stadig fleire av i norske skianlegg. Desse landa har også vore satsingsområde for marknadsføringa vår. Dei legg igjen i snitt mellom seks og sju kroner per krone dei brukar på heiskort, så dei gir store og ringverknader for lokalsamfunna. Eg trur ikkje dei vel norske fjell fordi det har blitt dyrare i Alpane, eller at det er lite snø der, men fordi norske alpindestinasjonar er attraktive. Såpass sjølvtillit skal vi ha, seier Sylling Clausen.
Norge «er ikkje noko andreval»
Clausen meiner norske alpinanlegg gjennom mange år har utvikla seg til å bli meir konkurransedyktige.
– Anlegga våre er i stor grad snøsikre. Her er godt lagt til rette for barnefamiliar, og anlegga er lett tilgjengelege. Fleire og fleire vel å kome hit, og det viser at vi er konkurransedyktige samanlikna med Alpane. Norske alpindestinasjonar er ikkje noko andreval, heller ikkje for nordmenn, seier ho.
Trysil er i dag den største skidestinasjonen i Noreg, og her utgjer utlendingar, særleg svenskar og danskar, 90 prosent av omsetninga.
Publisert: 22.02.2024 11:43
Sist oppdatert: 22.02.2024 18:24