Kort fortalt

13 milliardar i bompengar

Rekordhøge bompengeinntekter for staten.

20.01.2023

NPK-NTB: Aldri før har nordmenn betalt så mykje bompengar som i fjor. I 2022 fekk staten inn 13,1 milliardar kroner, viser førebelse prognosar frå Statens vegvesen.

Det førre toppåret for bompengar i Noreg var 2019. Då betalte norske bilistar 12,7 milliardar kroner i bompengar, skriv P4. Både i 2020 og 2021 var summen 12,3 milliardar, viser tal frå Samferdselsdepartementet.

Statens vegvesen har endelege tal for bompengar i 2022 klart i mars.

Publisert: 20.01.2023 07:59

Sist oppdatert: 20.01.2023 08:01