Kort fortalt

161 aviser har søkt om mediestønad

Elleve nye søknader.

29.04.2020
NPK-NTB: Det er elleve nye aviser blant dei 161 avisene som har søkt mediestønad i år. Kven som får stønad, vil først vere klart til hausten.
Dei elleve avisene som har søkt stønad, men som ikkje får stønad i dag, er Computerworld, Porten.no, Nett.no, Dagbladet Pluss, Bodø Nu, Rana No, Vefsn No, Medier24, Trav365, Karmøynytt og Stord24.
Dagbladet Pluss og Nett.no fekk avslag på søknadene sine om stønad i fjor. Begge har klaga på vedtaket.
I 2020 skal totalt 358 millionar kroner fordelast til norske lokalaviser, vekeaviser og nasjonale nisjeaviser. For å få produksjonstilskot må publikasjonane oppfylle ei rekkje krav, mellom anna å ha som hovudformål å formidle nyheiter, aktualitetsstoff og samfunnsdebatt til ålmenta.
– Medietilsynet skal no vurdere kvar enkelt søkjar grundig opp mot dei ulike kriteria for å sjå om publikasjonen er kvalifisert til å få stønad, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet i ei .
Produksjonstilskotet er den største mediestønadsordninga. Ordninga skal hjelpe medium som er for små til å vere berekraftige og medium som er eit alternativ til dei leiande media i større marknader.
Ordninga er plattformnøytral og likestiller papir- og nettaviser.

Publisert: 29.04.2020 09:49

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:28