Behovet for yrkesfagleg utdanna folk er stort, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe.
Pengane skal mellom anna gå til å utvikle nye utdanningstilbod som arbeidslivet spør etter, kjøpe nytt utstyr og auke den digitale og pedagogiske kompetansen til faglærarane, skriv Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding.
Fagskulen Vestland og Fagskolen Innlandet får mest pengar.
Fagskulane tilbyr korte, fleksible og yrkesretta utdanningstilbod som er etterspurde i arbeidslivet. NHOs kompetansebarometer for 2022 viser at ein av to bedrifter har behov for folk med høgare yrkesfagleg utdanning.
– Det er eit stort behov for folk med høgare yrkesfagleg utdanning, og behovet vil truleg auke i tida framover. Denne regjeringa har auka talet på studieplassar, men vi styrkjer også kvaliteten på utdanninga, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe.
Totalt er det 40 prosjekt som får utviklingsmidlar i år. Det er ei god spreiing i fagområde som får støtte, men samla sett blir det tildelt mest pengar til prosjekt som er retta mot helse- og velferdsfag og tekniske fag.
Desse fagskulane får støtte:
Fagskulen Vestland: 6.905.600 kroner
Fagskolen Innlandet: 6.522.417 kroner
Fagskulen Rogaland: 5.552.000 kroner
NKI Fagskoler AS: 5.288.000 kroner
Fagskolen Kristiania: 4.348.333 kroner
Norges grønne fagskole – VEA: 2.624.660 kroner
Fagskolen i Nord: 2.625.660 kroner
AOF Fagskolen: 2.443.412 kroner
Fagskolen Møre og Romsdal: 2.384.000 kroner
Fagskolen Diakonova AS: 2.328.326 kroner
Trøndelag høyere yrkesfagskole: 1.602.651 kroner
Medlearn AS: 1.493.793 kroner
Fagskolen Vestfold og Telemark: 1.404.385 kroner
Norsk Hestesenter: 1.278.069 kroner
Gokstad Akademiet AS: 1.188.310 kroner
AOF Østfold: 1.058.250 kroner
Nordland fagskole: 1.003.000
Fagskolen i Agder: 720.000 kroner
Folkeuniversitetets Fagskole AS: 420.000 kroner
KBT Fagskole: 27.018 kroner
Publisert: 29.03.2023 09:28
Sist oppdatert: 29.03.2023 09:28