(NPK-NTB): Torsdag kjem regjeringa med havbruksmeldinga. Samtidig stiller 16.000 underskrivarar seg bak eit krav om lukka og utsleppsfrie oppdrettsanlegg.
– Alt lakseoppdrett må over i lukka, utsleppsfrie anlegg. Det vil gi null lus, null rømming og null forureining, seier Truls Gulowsen, leiar i Naturvernforbundet.
Havbruksmeldinga blir presentert av fiskeriminister Marianne Sivertsen Næss (Ap) på ein pressekonferanse i Bergen torsdag ettermiddag.
Følg pressekonferanse frå klokka 17 (ekstern lenke)
I samband med framlegginga til regjeringa av havbruksmeldinga blir overrekt meir enn 16.000 underskrifter med krav om fiskeoppdrett i lukka anlegg. Heile 20 miljø-, friluftslivs- og næringsorganisasjonar står bak kravet.
Dei peikar mellom anna på problem med lakselus, rømming av oppdrettsfisk, utslepp av miljøgifter, kloakk og dyrevelferd for oppdrettslaks.
– I havbruksmeldinga har regjeringa ein sjanse til å presentera ei ordning som vil sikra ei framtidsretta oppdrettsnæring med null utslepp. Me forventar at ho tek villfisk og kystmiljø på alvor og gjer kunnskapsbaserte grep for å redda villaksen, seier generalsekretær Torfinn Evensen i Norske lakseelver.
(©NPK)
Publisert: 10.04.2025 12:07
Sist oppdatert: 10.04.2025 15:45






