Marianne Sivertsen Naess foto Marius
ÅLESUND: Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss (Ap) deltok på årskonferansen til Sjømat Norge i Ålesund måndag. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Legg fram havbruksmeldinga torsdag

– Vi meiner det at ikkje går an å lappe på eit eksisterande system, seier fiskeriministeren om etterlengta stortingsmelding.

Marius Rosbach
07.04.2025

Måndag og tysdag samlar Sjømat Norge bransjen til årskonferanse i Ålesund.

Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss (Ap) deltok på fleire møte med næringa måndag. 

På slutten av dagen kunne statsråden avsløre at ho vil legge fram havbruksmeldinga i Bergen torsdag denne veka. 

– Meldinga kjem til å svare ut regjeringa sin ambisjon om å legge til rette for auka verdiskaping i næringa, seier Næss til Nett No. 

– Har gått gjennom alle sider ved dette
Ho seier at trafikklyssystemet gjer at ein går i «raudt» eller «gult» langs heile kysten – noko som betyr stans for ny vekst – og mindre verdiskaping. 

– Difor må vi gjere ting nytt og vi har gått gjennom alle sider ved dette, fordi vi meiner det at ikkje går an å lappe på eit eksisterande system, seier ho. 

Seinast søndag omtala Nett No ein rapport frå EY som rår til at næringa får fleire gulrøter for å lukkast med å ta i bruk ny teknologi. 

Her blir det både peika på behovet for meir risikokapital og støtteordningar. 

Vil ikkje legge seg opp i teknologival
Statsråden vil ikkje vere konkret på i kva grad meldinga vil svare ut slike ønske. 

– Eg vil kome med detaljane på torsdag, men eg har tidlegare vore tydeleg på at eg ikkje vil peike på kva teknologival som blir gjort. I dyrevelferdsmeldinga har vi sagt at vi ønsker å kome ned på ei dødelegheit på kring fem prosent. Men korleis vi kjem dit, veit næringa best sjølv, seier Næss. 

– Men vi skal ha insentiv for at det skal løne seg å drive bra, legg ho til. 

Statsråden minner om at havbruksutvalet har konkludert med at det ikkje er mengda som blir produsert som har noko å seie, men korleis fisken blir produsert.

USA-toll kan få «dramatiske konsekvensar»
På møta for medlemmane til Sjømat Norge var naturleg nok tollsjokket for verdshandelen på dagsorden.

Fiskeriministeren fortel at fleire ga uttrykk for at dei var urolege, men at det ikkje var noko krisestemning. 

– USA er ein marknad som betyr mykje for norsk sjømat, så det kan få ganske store og dramatiske konsekvensar, seier Næss. 

I løpet av dagen kom Europakommisjonens president med uttaler om at Norge høyrde til EU sin indre marknad. 

– Det er eit positiv signal, men det er likevel ingen garanti mot at Norge blir ramma. No jobbar regjeringa for at Norge skal kome på rett side av dei tiltaka som blir sett i verk frå ulike land for å beskytte seg, legg ho til. 

Publisert: 07.04.2025 17:35

Sist oppdatert: 07.04.2025 17:53

Mer om