Laks merd innfelt eirk moe foto rudolf svendsen
ÅRLEG RAPPORT: Partner og havbruksekespert Eirik Moe (innfelt) i EY har laga årets utgåve av selskapet sin gjennomgang av havbruksnæringa. Foto: Rudolf Svendsen/EY
Nytt

Meiner oppdrettsbransjen bør få fleire gulrøter

Fersk EY-rapport beskriver ei næring som har stagnert. Men bransjen slepp truleg unna med ein lakseskatt ned mot sju-åtte prosent.

Marius Rosbach
06.04.2025

I ein ny rapport om tilstanden i norsk havbruk blir det teikna eit bilde av ei næring med stor auke i kostnadene per kilo fisk og knapp auke i produksjonsvolum. 

Med andre ord hastar det om regjeringa skal nå målet om å doble verdiskapinga frå havbruk innan 2030. 

– Vi anbefaler politiske insentiv slik at bransjen verkeleg kan ta i bruk ny teknologi. Vi begynner å sjå positive trendar på land med gode produksjonstal og meiner den erfaringa kan nyttast til oppdrett i sjø, seier partnar og sektorleiar Eirik Moe i EY til Nett No. 

Meiner løysinga er meir lukka anlegg
Til trass for mykje teknologiutvikling i næringa dei siste åra, er den i liten grad teke i bruk på oppdrett i sjøen. 

Ei av årsakene er langdryg politisk handtering av viktige avklaringar, medan det i mellomtida ikkje blir tildelt nye konsesjonar. 

– Om vi skal få den veksten som styresmakter og politikarar ønsker, så må vi produsere fleire plassar. Og for å få til det, må vi produsere med mindre forureining, seier Moe. 

Les heile rapporten her (ekstern lenke)

Løysinga for å både auke produksjonen og redusere dødelegheita, er å gå i retning av meir lukka anlegg – og då treng ein å få gjort noko med kostnadene. 

– Ved å investere i eit lukka anlegg, så kan ein redusere dødelegheita med kring 20 prosent. Det gir meir fisk til ein lågare kostnad, og kan forsvare auke investeringskostnader, seier Moe. 

Peiker på risikokapital og støtteordningar
I rapporten blir det peika på eit behov for å gjere det meir fordelaktig i ta i bruk ny teknologi. 

Det blir anbefalt å stille med risikokapital og ordningar for pilotprosjekt – med tydelege rammer, slik at prosjekt ikkje blir unødig forseinka. 

Tilgang på areal er også eit stort hinder for å auke produksjonen i sjøen. 

– Fleire i forskingsmiljøet har meint at om ein skulle starta på nytt med oppdrett i sjø, så burde det vore krav til samproduksjon. Det har vi sett har gitt god effekt, seier EY-partnaren. 

I dag meiner han det blir vanskeleg å få til i praksis. I staden rår rapporten til at trafikklyssystemet blir vidareutvikla, med meir tydelege signal og påskjønning for dei som driv berekraftig over tid. 

Framleis rekordhøg lønnsemd - les hovudpunkta

  • Trass i grunnrenteskatten viser EY-rapporten at bransjen framleis har rekordhøg omsetning og lønnsemd.
  • Samtidig er lus, sjukdom og høg dødelegheit ei vedvarande utfordring.
  • Kostnaden per kilo produsert laks gjorde eit hopp til nye rekordnivå i løpet av 2023 til 59 kroner.
  • Samtidig har stadig høgare pris gjort at oppdretterane har klart å halde lønnsemda oppe.
  • Snittprisen for laks har skote til vêrs frå 56 kroner kiloen i 2020, til 94 kroner i 203. Det er ei auke på 70 prosent.
  • Auken kjem av høg etterspurnad, svak norsk krone og ein svak reduksjon i den globale produksjonen.
  • Volumet av fisk frå norsk havbruk sank samtidig med tre prosent frå 2022 til 2023, og enda på kring 1,6 millionar tonn rund vekt. 

Les heile rapporten her (ekstern lenke)

– Det ligg en fantastisk motor her
Leverandørindustrien som har eit tyngdepunkt på Nordvestlandet, har blitt hardt råka av ordretørke i kjølvatnet av lakseskatten og store inntekter er gatt tapt i løpet av dei siste åra.

Samtidig som det er blitt utvikla mykje ny kunnskap og teknologi i denne klynga, har den i liten grad vore teke i bruk i større skala. 

– Det ligg en fantastisk motor her, om vi får insentiv til å at det blir investert og at desse får «sleppe til». Då kunne den teknologien og kompetansen som ligg på Sunnmøre, bli brukt til å forbetre heile næringa med lukka anlegg, seier Moe. 

 Ivar-André Norvik som leiar EY si verksemd på Sunnmøre fortel at optimismen er på veg tilbake.

– Vi ser at det er auka aktivitet no enn for eitt år sidan, for både dei største aktørane og underleverandørar til anlegg både på land og sjø, seier Norvik.

Effektiv skattesats på sju-åtte prosent
Rapporten viser korleis oppdrettsselskapa har tilpassa seg lakseskatten – som berre gjeld for sjølve oppdrettsverksemda i sjøen. 

Det er med å at den effektive skatten for oppdretterane ligg langt under 25 prosent.

– Det har skjedd ei strukturendring med ei oppsplitting i fleire selskap, som gjer at den effektive skattesatsen kanskje er nede på sju-åtte prosent, seier Moe om tilbakemeldingane frå bransjen. 

– Samtidig gir situasjonen eit vindauge for å gjere investeringar. Om ein investerer 100 millionar kroner i lukka anlegg no, kan den frådragsførast 100 prosent i investeringsåret. Og det vil vere ein fordel, legg Moe til. 

Les heile rapporten her (ekstern lenke)

Publisert: 06.04.2025 05:00

Sist oppdatert: 06.04.2025 03:14

Mer om