Kort fortalt

295 tips om permisjonsjuks

NAV har lagt bort 70 av sakene.

19.05.2020
NPK-NTB: Nav har fått inn nesten 300 tips om verksemder og personar som kan ha juksa med permisjonsordninga. Dei fleste tipsa gjeld verksemder.
– Det er eit høgt tipstal i forhold til kva vi har erfart tidlegare, og det er spesielt at den største mengda av dette gjeld verksemder. Det er ei ny erfaring for oss, seier direktør Ole Johan Heir i Nav Kontroll til NRK.
I samband med koronautbrotet gjorde regjeringa fleire endringar i permisjonsreglane for å bøte på den akutte krisa koronatiltaka har påført økonomien og arbeidsmarknaden.
Perioden med full lønn under permisjon er utvida frå 15 til 20 dagar, og arbeidsgivarane må berre betale for to av dagane. Deretter tek staten rekninga.
Heir seier at 70 av sakene Nav har fått tips om er lagt bort, medan det ikkje er konkludert i nokon av dei andre. Dersom Nav konkluderer med at det er juksa, vil dei krevje pengane tilbake.
– I dei alvorlegaste tilfella kan vi òg melde dette til politiet for vidare oppfølging av påtalemakta og i domstolane, seier Heir.

Publisert: 19.05.2020 09:18

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27