(NPK-NTB): Sparer du til pensjon? Då bør du sjekke gebyra på pensjonssparinga di, meiner Forbrukarrådet.
Årleg betaler norske forbrukarar 300 millionar i gebyr. Men med eit enkelt tastetrykk kan den enkelte no fjerne heile gebyret.
Onsdag lanserte Forbrukarrådet samanlikningstenesta «Gebyrsjekken» på Finansportalen.no, med både finansminister Siv Jensen (Frp) og forbrukarminister Solveig Horne (Frp) til stades.
Gebyrsjekken er Forbrukarrådets første versjon av ei pris- og produkt-samanlikningsløysing for pensjonssparing.
Enkelte selskap tar ikkje administrasjonsgebyr i det heile tatt. Andre belastar kundane med inntil 4,5 prosent i gebyr.
– Dei unødvendige administrasjonsgebyra tappar nordmenn for 300 millionar årleg, seier forbrukardirektør Randi Flesland til .
Ho meiner det er på tide å stanse «gebyrfesten» og håpar forbrukarane vil flytte pensjonsbevisa sine til selskap som ikkje tar gebyr.
– Det er verdt å merke seg at ein forskjell på berre eitt prosentpoeng i årlege gebyr kan ete 25 prosent av pensjonen din. For mange forbrukarar kan heile avkastinga bli eten opp av administrasjonsgebyret åleine, seier ho.

Publisert: 18.01.2017 10:14
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42