Kort fortalt

31 kriminelle aktørar i arbeidslivet avslørt

Stavanger er verst.

22.03.2016
(NPK-NTB): Styresmaktene identifiserte og stoppa 31 kriminelle aktørar i arbeidslivet i fjor, viser ein fersk rapport. Dei aller fleste opererte i Stavanger.
Totalt gjennomførte dei såkalla arbeidskrimgruppene i Stavanger, Oslo og Bergen tolv større aksjonar i desse tre byane i fjor, skriv .
Gruppene er eit samarbeid mellom politiet, Arbeidstilsynet, Nav og skatteetaten for å prøve å avdekkje kriminalitet i arbeidslivet.
Arbeidskrimgruppene konsentrerte merksemda om bygg- og anleggsbransjen, men òg bilpleiefirma, bilverkstader og serverings- og utestader vart kontrollerte, skriv avisa. Totalt 1.500 verksemder, 1.200 arbeidsplassar og rundt 5.700 personar vart sjekka. I Stavanger åleine identifiserte arbeidskrimgruppa ikkje mindre enn 24 kriminelle aktørar.
– Det er berre fantasien som set grenser for arbeidslivskriminaliteten. Vi får høyre heilt utrulege historier om kva folk bli utsette for. Nettopp derfor er det viktig å intensivere innsatsen og at han blir styrkt, seier arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H). (©NPK)

Publisert: 22.03.2016 08:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47