Virke: Maksgrensa på 50 personar er for låg(NPK-NTB): Regjeringa lettar på koronarestriksjonane og tillèt arrangement med inntil 50 personar frå og med 7. mai. Men Virke meiner at talet er for lågt.
Det vil òg vere krav om at deltakarar på arrangement må kunne halde minst éin meters avstand til kvarandre.
– Det vil ikkje vere økonomisk forsvarleg å gjennomføre arrangement med inntil 50 personar, som kinovisningar, konsertar og teater, seier administrerande direktør Ivar Horneland Kristensen i Virke i ei pressemelding.
Kristensen meiner òg at avstandskravet vil gjere det umogleg å drive film- og TV-innspelingar.
(©NPK)

Publisert: 04.05.2020 08:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27