Måløy Vekst gjennomførde sin første generalforsamling onsdag 28. februar. Rundt 40 personar frå det lokale næringslivet deltok på samlinga. I løpet av møtet blei det klart at 53 aksjonærar vil bidra med totalt 840.000 kroner i årleg støtte i minimum tre år til Måløy Vekst.
Dette opplyser det nye vektselskapet i ei pressemelding.
I tillegg til støtte frå næringslivet vil ein få rundt ein million kroner i støtte frå kommunen.
På generalforsamlinga blei også det første styret i Måløy Vekst valt. Styret skal leiast av Øyvind Reed, etablert næringslivsmann, med både lokal og internasjonal erfaring frå fleire bransjar. Han får med seg Synnøve Berg Svarstad, som er jurist med advokaterfaring fra fleire fagfelt. Kent Rune Bugjerde med lang erfaring som prosjekt- og bedriftsleiar i byggjebransjen, samt Trond-Inge Kvernevik som har lang erfaring innan internasjonal marin næring og forsking. I tillegg skal Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad (Ap) vere styremedlem.
På generalforsamlinga blei også Måløy Vekst sin nye profil lansert. Profilen er utarbeidd av Eirik Føleide i The Brand Studio. Logoen er inspirert av blant anna fjella Veten og Gottrøysa i Måløy, bølgjer og bokstaven M, vert det opplyst.

Publisert: 01.03.2018 12:42
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39