NPK-NTB: Tiltakspakken for gründerar og vekstbedrifter frå regjeringa har tre veker etter lanseringa gitt lån og tilskot via Innovasjon Noreg for over 563 millionar kroner.
Dei totalt 566 søknadene fordeler seg på om lag 207 millionar kroner i lån og 356 millionar kroner i tilskot, opplyser Nærings- og fiskeridepartementet.
– Tala viser at næringslivet nyttar seg av tiltakspakken. Dette vil bidra til at gründerar og vekstbedrifter kan vidareføre utviklingsprosjekta sine gjennom denne vanskelege perioden, seier næringsminister Iselin Nybø (V).
Samanlikna med dei midlane Innovasjon Noreg vanlegvis tildeler, så er dette meir enn ei dobling frå samanliknbart tidspunkt i fjor.
Totalt er pakken på nærare 5 milliardar kroner, og dei fleste ordningane er relevante for gründerar og vekstbedrifter. Pakken Innovasjon Noreg disponerer, inkluderer mellom anna innovasjonstilskot og etablerartilskot på 2,6 milliardar kroner, som åleine er ein auke på 1,6 milliardar kroner. Også Forskingsrådet og Investinor har fått auka løyvingar.
Både lån og tilskot fordeler seg på alle fylka i landet og til eit breitt utval av bransjar og næringar. Innlandet, Trøndelag og Viken er dei tre fylka som har fått innvilga flest søknader.

Publisert: 05.05.2020 10:29
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27