Skatteetaten har no sendt skattemeldinga til 4,9 millionar personar. – Husk å sjekke at opplysningane stemmer og fyll ut det som manglar, slik at du betalar rett skatt, oppfordrar divisjonsdirektør i Skatteetaten, Marta Johanne Gjengedal, i ei pressemeldingNo er er skattemeldinga sendt til alle – 8 av 10 ligg an til å få igjen på skatten både i Sogn og Fjordane og i Møre og Romsdal.I Møre og Romsdal har 146 000 personar fått foreløpig skatt til gode på i gjennomsnitt 11 600 kroner, mens 38 000 har fått ein foreløpig restskatt på 21 500 kroner i gjennomsnitt.I Sogn og Fjordane er det 59 000 personar som får att i snitt 11 000 kroner, medan 15 000 i snitt må betale 19 300 kroner.Skatteetaten opplyser at ,ellom 18. og 31. mars har dei fleste lønnstakarar og pensjonistar fått ei heilt ny digital og enklare skattemelding. Næringsdrivande og dei som får skattemeldinga på papir får den i kjent format. Skattemeldinga er førehandsutfylt med mange opplysningar om inntekt, formue, bustad, gjeld og frådrag. Men det er framleis opplysningar du sjølv må fylle inn i skattemeldinga, for eksempel ekstra inntekter eller verdiar i andre land.– Har du skatt til gode og leverer den nye skattemeldinga på skatteetaten.no, kan du få skatteoppgjeret og pengane på konto innan eit par veker etter at du har levert, seier Gjengedal.2,8 millionar skattytarar får tilbake til saman 33,7 milliardar kroner på skatten, viser den foreløpige skatteberekninga.Tidlegare har skatteoppgjeret kome mellom slutten av juni og oktober. Det nye systemet gjer det mogleg å få utbetalt skatt til gode tidlegare, men det er likevel nokre vilkår:
- Du har fått ny skattemelding for lønnstakarar og pensjonistar
- Du og eventuell ektefelle må trykke på knappen for å sende inn skattemeldinga
- Du må ha skatt til gode
- Skattemeldinga di må ikkje ha blitt tatt ut til kontroll
Publisert: 01.04.2020 08:15
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:29





