Kort fortalt

86 ved Havyard Leirvik koronasmitta

Folkehelseinstituttet til verftskommunen.

09.10.2020
(NPK): 86 personar knytt til New Havyard Ship Technologys verft i Hyllestad kommune i Sogn har fått påvist koronasmitte. Det skriv fredag ettermiddag.
No blir 141 arbeidarar sendt på karantenehotell.
– Dette gjer vi for å kunne overhalde forsvarlege reglar for karantene. Vi fekk ganske tydelege oppmodingar frå fylkeslegen om å dele opp arbeidarane i mindre grupper. Dersom alle skulle ha vore på Havyard sitt område hadde det blitt for mange personar på for liten plass, seier kommunedirektør i Hyllestad, Martin Lundgård, til avisa.
Folkehelseinstituttet opplyser fredag at dei kjem til kommunen med eit team for å hjelpe til i arbeidet med å stanse smittespreiinga.
Etter nedstenging har verftet jobba tett saman med lokale helsestyresmakter for å avklare omfanget av smittespreiinga. Rundt 500 personar har blitt testa.
(©NPK)

Publisert: 09.10.2020 15:45

Sist oppdatert: 07.04.2021 17:43