Kort fortalt

Aco vann anbod på Ørskogfjellet

Kom best ut i kampen om E39-oppdrag.

Marius Rosbach
16.03.2021

Entreprenørselskapet Aco Anlegg kom best ut i konkurransen om å bygge forbikøyringsfelt på E39 Ørskogfjellet, ifølgje ei pressemelding frå Statens vegvesen.

Tennfjord-selskapet la inn eit tilbod på 92,5 millionar kroner, og var best i høve kvalitet og pris, opplyser vegvesenet. Verdien på kontrakten utgjer om lag 70 prosent av årsomsetninga til Aco Anlegg i 2019.

Entreprenørservice AS, Hæhre Entreprenør og Af Nordmøre Maskinlag rakk ikkje opp i konkurransen, og har no klagefrist fram til 25. mars.

– Deretter blir det kontraktsignering, og vi ventar oppstart på veganlegget i april. Forbikøyringsfeltet på Ørskogfjellet skal stå ferdig sommaren 2022, seier prosjektleiar Ole Kristian Birkeland i Statens vegvesen.

Sjølve forbikøyringsfeltet vil få ei lengde på 1,8 km, men med tilpassing inn mot dagens veg i begge endar blir den samla strekninga som skal utbetrast på ca. 2,8 km.

Publisert: 16.03.2021 22:29

Sist oppdatert: 16.03.2021 22:34