Haustar gode erfaringar saman paa Nordoeyvegen
SAMLA OM NORDØYVEGEN: Nokre av dei sentrale personane i samarbeidsselskapet Anlegg Nordvest: Frå venstre: Thorstein Sten Gjerde (dagleg leiar i Opshaug Sandtak, Jens Opshaug (medeigar og styreleiar i Opshaug), Tarjei Rødset (dagleg leiar Aco Anlegg), Rolf Anders Håberg (administrerande direktør i Busengdal), Jan-Arne Svendsen (prosjektleiar Anlegg Nordvest), Bjørn Busengdal (medeigar og driftssjef Busengdal) og Lars Tore Opshaug (medeigar og anleggsleiar Opshaug). Foto: Klaus Eriksen/Anlegg & Transport
Nytt

Haustar gode erfaringar saman på Nordøyvegen

Tre entreprenørar på Sunnmøre skipa nytt selskap for å konkurrere om større jobbar. No er Anlegg Nordvest eit av selskapa med størst omsetning i «heimkommunen» Fjord.

Marius Rosbach
12.06.2020

Anlegg Nordvest med adresse i Stordal, omsette i fjor for meir enn 52 millionar kroner. Selskapet er eit samarbeid mellom Aco Anlegg i gamle Haram kommune, Opshaug Sandtak i Stranda og Busengdal i tidlegare Stordal kommune. Bedrifta såg dagens lys som ein direkte konsekvens av Nordøyvegen-prosjektet.

– Vi ser at trendane er slik at ein del jobbar blir større og større. For å handtere det gjennom lokale selskap, er ein avhengig av å samarbeide og difor gjekk vi saman om å etablere Anlegg Nordvest, fortel Tarjei Rødset, som har rolla som dagleg leiar, til NETT NO.

– Viser at det er mogleg
Rødset er i første rekke dagleg leiar i Aco Anlegg i Tennfjorden, og han fortel at dei har gode erfaringar med samarbeidet så langt.

nettnohalf

– Det viser at det er mogleg å samarbeide den eine dagen og konkurrere den andre. Eg meiner det er veldig positivt at vi klarte å etablere dette. Om ikkje, så ville ein truleg enda opp med at ein riksdekkande entreprenør ville gjort alt, og mykje mindre ville kome lokalt næringsliv til gode, legg han til.

– Spennande utfordring
Arbeidet dei har sikra seg på Nordøyvegen har ein kontraktsverdi på kring 300 millionar kroner. Oppdraget gir bedriftene nyttig erfaring om korleis det er å jobbe på eit slikt kjempeprosjekt.

– Det er eit stort samferdselsprosjekt som vi og vi synest det er ein spennande utfordring og kunne vere med å løyse det på ein god måte, fortel dagleg leiar Thorstein Sten Gjerde i Opshaug Sandtak til NET NO.

Han fortel at samarbeidet både bedriftene i mellom og dialogen med Skanska – som er hovudentreprenøren – har gått veldig bra.

Les også: Tilsette frå 25 lokale firma på Nordøyvegen

Har kring 40 personar i arbeid
Dagleg leiar Tarjei Rødset fortel at Anlegg Nordvest har kring 40 personar i arbeid, og det vil truleg auke betydeleg framover. Dei som jobbar i selskapet, er i hovudsak leigd inn frå dei tre samarbeidsselskapa. Det gjer at det til no berre er lokalt tilsette som er hyra inn.

nettnohalf

– Førebels har vi klart å rekruttere frå oss sjølve, men om arbeidsstokken doblar seg, kan det hende at vi må basere oss på å leige inn frå andre – anten lokale bedrifter, eller andre kantar av landet, seier Rødset.

Tanken er at oppdraget på Nordøyvegen skal kome i tillegg til den eksisterande marknaden selskapa driv i og for Aco sin del, viste 2019-regnskapet rekordhøg omsetning.

Mellom dei største i Fjord kommune
At selskapet fekk adresse i Stordal var litt tilfeldig, men ordførar Eva Hove i Fjord sett pris på at dei brått har fått eit nytt selskap som plasserer seg mellom dei største i kommunen. Ein samanstilling før Fjord kommune blei etablert, viste at berre ein handfull selskap – mellom anna Busengdal sjølv – har meir enn 50 millionar i omsetning.

Det er avgrensa kva ordføraren får att i reine skattekroner, ettersom selskapsskatten i hovudsak går til staten. Ho peiker likevel på at samarbeidet gir positive ringverknader.

– At dei går saman på denne måten, styrker eksistensgrunnlaget for dei allereie etablerte lokale bedriftene og sikrar arbeidsplassane til dei tilsette. Eg oppfattar også at samarbeidet gjer at dei kan utvide arbeidsstokken, seier ho til NETT NO.

Vil samarbeide meir
Nokon vil kanskje tenkje at eit slikt samarbeid er første steg på ei samanslåing av dei tre selskapa, men dagleg leiar Tarjei Rødset påpeiker at dei ikkje har planar om det.

nettnohalf

– Samarbeidet oppstod etter at vi hadde eit arbeidsfellesskap med eit forprosjekt, men tanken er at det skal bli noko vidare etter Nordøyvegen. Vi kjem nok til å samarbeid om fleire større jobbar, seier han.

Les også: Aco-anlegg kjøper natursteinfirma etter rekordår

Er i rute og halvvegs gjennom tunnelane på Nordøyvegen


Vi ser at trendane er slik at ein del jobbar blir større og større. For å handtere det gjennom lokale selskap, er ein avhengig av å samarbeide 

Publisert: 12.06.2020 05:55

Sist oppdatert: 24.06.2022 00:16