(NPK-NTB-Kristian Skårdalsmo): Eit overveldande fleirtal av Norwegian-aksjonærane har røysta ja til redningsplanen til konsernleiinga, som skal hindre at selskapet går konkurs.
Det store fleirtalet av aksjonærane røysta på den ekstraordinære generalforsamlinga på måndag ja på alle dei viktige punkta i redningsplanen.
– Krisepakken til leiinga og Norwegian-styret er godkjend av aksjonærane med overveldande fleirtal, seier flyanalytikar Hans Jørgen Elnæs til NTB.
– Det tyder at nye Norwegian blir realisert, og at selskapet tilfredsstiller krava frå staten for å få tilgang på lånegarantien på inntil 2,7 milliardar kroner.
– Den kapitalen treng dei tydelegvis raskt. Viss ein skal tru på det som vart sagt på generalforsamlinga, vil selskapet vere tomt for kontantar fredag, seier Elnæs.
Han legg til at dette er så tett på konkurs ein kan kome.
Gjennom langdryge forhandlingar dei siste dagane klarte selskapet å få både obligasjonseigarane, leasingselskapa og altså aksjonærane om bord.
– No er alt lagt til rette for at selskapet skal kunne gjennomføre omstruktureringa. Det er veldig positivt, seier Elnæs.
Flyselskapa i verda slit tungt fordi restriksjonar etter utbrotet av koronavirus langt på veg har sett ein stoppar for all reiseverksemd. For Norwegian er situasjonen spesielt vanskeleg, sidan selskapet allereie før virusutbrotet hadde mykje gjeld.
Norwegian-aksjen har vore i hardt vêr den siste tida. Måndag vart handelen med aksjen stoppa inntil vidare stoppa av Oslo Børs fram til resultatet av den avgjerande generalforsamlinga skulle bli kjent.
Det store fleirtalet av aksjonærane røysta på den ekstraordinære generalforsamlinga på måndag ja på alle dei viktige punkta i redningsplanen.
– Krisepakken til leiinga og Norwegian-styret er godkjend av aksjonærane med overveldande fleirtal, seier flyanalytikar Hans Jørgen Elnæs til NTB.
– Det tyder at nye Norwegian blir realisert, og at selskapet tilfredsstiller krava frå staten for å få tilgang på lånegarantien på inntil 2,7 milliardar kroner.
Tomt fredag
Målet med redningsplanen til konsernsjef Jacob Schram og styret i selskapet har nettopp vore å få tilgang på det statlege kriselånet.– Den kapitalen treng dei tydelegvis raskt. Viss ein skal tru på det som vart sagt på generalforsamlinga, vil selskapet vere tomt for kontantar fredag, seier Elnæs.
Han legg til at dette er så tett på konkurs ein kan kome.
Gjennom langdryge forhandlingar dei siste dagane klarte selskapet å få både obligasjonseigarane, leasingselskapa og altså aksjonærane om bord.
– No er alt lagt til rette for at selskapet skal kunne gjennomføre omstruktureringa. Det er veldig positivt, seier Elnæs.
Stansa handel
Norwegian har ein plan om å operere sju fly fram til april neste år. Men viss situasjonen betrar seg, vil kapasiteten bli auka. Elnæs trur eit statleg kriselån kan vere tilstrekkeleg til å halde selskapet i drift ut året.Flyselskapa i verda slit tungt fordi restriksjonar etter utbrotet av koronavirus langt på veg har sett ein stoppar for all reiseverksemd. For Norwegian er situasjonen spesielt vanskeleg, sidan selskapet allereie før virusutbrotet hadde mykje gjeld.
Norwegian-aksjen har vore i hardt vêr den siste tida. Måndag vart handelen med aksjen stoppa inntil vidare stoppa av Oslo Børs fram til resultatet av den avgjerande generalforsamlinga skulle bli kjent.
Publisert: 04.05.2020 11:44
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27





