Kort fortalt

Aldri selt meir bunadsølv enn no

Stor interesse for bunadssølv.

09.05.2016
(NPK-NTB-Tore Meek): Sterkare ønske om å vise fram eigen velstand er ei av forklaringane på at skinande bunadsølv sel som aldri før.
I sølvsmiene er det travle dagar før 17. mai.
– Belta laga av sølv eller gullforgylling, som er det dyraste du kan sette på bunaden, har vi selt 15 prosent meir av det siste året. Folk har eit behov for å vise status, og i desse nedgangstider er bunadsølv ein trygg måte å vise dette på, seier marknadssjef Kristin Myhre hos Sylvsmidja på Voss til NTB.
Den auka interessa for bunadsølv blir bekrefta av Bjørklund-kjeda som har butikkar over heile landet.
– Vi har ein kraftig auke i salet av bunadssølv. Ingen tvil om at bunaden er blitt ein trendy folkedrakt også blant dei unge, seier marknadssjef Linda Brenden i Bjørklund til NTB. (©NPK)

Publisert: 09.05.2016 14:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:46