NPK-NTB: Sju av ti nordmenn opplyser om uendra inntak av alkohol etter koronautbrotet, medan to av ti seier dei drikk mindre enn før. Ein av ti drikk meir.
Då folk byrja å hamstre pappvin og sprit på Vinmonopolet, var det fleire organisasjonar som ropte varsku om at heimekarantene, isolasjon og stress kunne føre til auka alkoholkonsum i befolkninga. tyder likevel ikkje på at folket har sklidd over i feriemodus – enno.
Over 8.000 spurde har uttalt seg om alkoholkonsumet sitt no samanlikna med ei normal veke før koronautbrotet.
73 prosent svarer at ting er som før.
Oslo er den landsdelen i Noreg der flest har endra alkoholkonsumet etter koronautbrotet.
Den største reduksjonen i alkoholinntaket, er i husstandar med éin person. Dette var i utgangspunktet rekna som ei gruppe med risiko for auka inntak, på grunn av isolasjon og einsemd.

Publisert: 01.04.2020 08:29
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:28