Spotprisane på straum er historisk låge, og forskjellane mellom dei dyraste og billegaste avtalane er store. Forbrukarrådet oppmodar no alle om å byte avtale.
– Den siste tida har det kome ei rekkje gode tilbod som varer lenge. Dette gjer at du enkelt kan velje gode avtalar utan å måtte sjekke kvar månad om du har vorte flytta over på ein dyrare avtale, seier direktør Inger Lise Blyverket i Forbrukarrådet.
Forbrukarrådets teneste viser ei samanlikning av avtalane på straummarknaden, og Blyverket oppmodar alle om å sjekke straumavtalen sin.
– Viss du har ein variabel avtale eller ein dyr spotavtale med høge påslag, er dette tida for å byte, seier ho.

Publisert: 01.04.2020 11:15
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:28