(NPK): Over sju tusen har skrive under på eit opprop der det blir hevda at administrasjonen i Ålesund kommune har villeia politikarane, som med nesten reint fleirtal godkjente reguleringsplanen i mai.
Planutvalet i Ålesund har behandla klagene som har kome inn på reguleringsplanen for Håneset på Haramsøy. Planen omfattar blant anna kaia der vindturbinane skal bli tekne i land.
Behandlinga enda med at fleirtalet avvise alle klagene, men det er tydeleg at dette både er ei vanskeleg og betent sak, skriv
Ein av grunnane til at saka har blitt så komplisert er spørsmål rundt om det er ein statleg eller kommunal plan det er snakk om.
– Hadde området vore ein del av ein statleg plan, hadde den ikkje vore fremja for kommunal behandling. Her kunne nok administrasjonen både i tidlegare Haram kommune og dagens Ålesund kommune vore tydlegare. Om Ålesund kommune vil starte ein prosess med å ta opp igjen reguleringsplanen, er det ei heilt anna sak. Det skal i så fall ikkje behandlast inn i denne klagesaka. Klagesaka må svarast på no, uavhengig av reguleringsplanen sin vidare skjebne.
Administrasjonen i Ålesund har også blitt skulda for å halde tilbake informasjon og at saksbehandlarane ikkje har opptredd korrekt, skriv avisa.
– Det er krevjande å vere bygningsmyndigheit i slike saker, spesielt når det insinuerast at namngitte saksbehandlarar ikkje opptrer korrekt. Her må ein ta ballen, ikkje mannen, sa verksemdleiar for plan og byggjesaker, Edvard E. Devold då saka vart behandla.
Klagesaka går no vidare til kommunestyre.
(©NPK)

Publisert: 12.08.2020 15:51
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25