Kort fortalt

Alt skal snu med song frå Vestland

17 artistar står bak.

22.05.2020
NPK: 17 artistar frå gamle Sogn og Fjordane har gått saman om å spele inn koronalåten «Alt skal snu», som skal vere ei oppmuntring i usikre tider.
Det er programleiar Stian Sjursen Takle i Vestland som har sett låtskrivar Aleksander Raftevold på ideen om ei koronalåt.
– Under koronapandemien har vi sett at mange saknar konsertar, og i sommar blir det jo heller ingen musikkfestivalar. Difor er det fantastisk at denne gjengen med musikarar no har gått saman, fortel Takle til NRK.
Raftevold har brukt våren som inspirasjon for låten, som seier at alt skal snu.
– Eg har skrive ei vårvise der vi brukar symbolikken i isen som smeltar. Den passar godt inn i verdsbilete i dag. Mørke og tunge dagar skal snu. No er det vår og sommar, seier han til NRK.
Innspelinga har skjedd i alt frå stover til heimestudio.

Publisert: 22.05.2020 09:49

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27