Kort fortalt

Amedia-sjef har tru på brukarbetaling

Fleire vil betale for innhald på nett.

09.05.2016
(NPK-NTB): Konsernsjef Are Stokstad i Amedia trur det er brukarbetaling, ikkje nettannonsar, som skal sikre journalistikken i framtida.
51 av avisene til konsernet melder om fleire betalande abonnentar, skriv .
– Inntektene frå brukarbetaling aukar jamt og trutt. Og fråfallet, det vil seie delen av abonnentar som vel å ikkje fortsette, har aldri vore lågare, seier Stokstad.
Alle dei 62 mediehusa i konsernet har no innført Aid, Amedias løysing for registrering, pålogging og nettbetaling. Over 410.000 brukarar er no registrerte, og nesten halvparten av dei er innom dagleg. Innan 2020 er planen at abonnentane skal gi inntekter på 1,4 milliardar kroner, like mykje som i 2014. Stokstad er overbevist om at det er der finansieringa av lokaljournalistikken skal komme frå i framtida, ikkje frå nettannonsar.
– Den største inntektskjelda for mediebransjen er og blir brukarinntekter. For nokre år sidan trudde alle i bransjen at dei digitale annonseinntektene ville vekse inn i himmelen. Men til liks med andre mediekonsern ser vi at denne vekstkurven har flata ut. Hittil i år har vi faktisk hatt ein nedgang, seier Stokstad.

Publisert: 09.05.2016 09:13

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:46