Kort fortalt

Ap kallar budsjettet ein skatteskandale

Provosert av at regjeringa prioriterer skattekutt.

07.10.2020
(NPK-NTB): Ap-leiar Jonas Gahr Støre meiner at regjeringa i statsbudsjettet prioriterer skattekutt til dei rikaste framfor å få unge inn i jobb. Han kallar det ein skatteskandale.
– Sjølv i krisetid prioriterer regjeringa å gi gåvepakkar til dei rikaste framfor å få folk i jobb, hindre velferdskutt i kommunane og å betre situasjonen for vanlege folk. Dette er ikkje mindre enn ein skatteskandale, seier Ap-leiar Jonas Gahr Støre.
Han fastslår at arven etter statsminister Erna Solberg (H) er dobbelt så mange uføre og snart dobbelt så mange milliardærar.
Finanspolitisk talsperson og Ap-nestleiar Hadia Tajik meiner at budsjettet viser at regjeringa gjer meir for rikfolk enn for vanlege folk.
– Arbeidsfolk har fått auka skatt for å pendle til jobben, og familiar betaler meir for å ha barn i barnehagen. Medan dei med mykje pengar frå før av får skatterabatt for å spare pengar i aksjar og store momsfritak for å kjøpe luksus-elbilar, seier Tajik, som også kallar arven etter Solberg ein skatteskandale
(©NPK)

Publisert: 07.10.2020 12:29

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24