NPK-NTB: Havområdet der det norske oljeeventyret starta kan bli Europas CO2-lager, meiner Arbeidarpartiet, som lanserer ein eigen nordsjøplan.
Nordsjøen kan bli avgjerande for å gjenreise Noreg etter koronanedturen, meiner Ap-leiar Jonas Gahr Støre.
– Nordsjøen har vore ein testarena for det Noreg har klart å levere dei siste 50 åra, seier han til Aftenposten.
I fjor vart forslaget til om ein såkalla nordsjøplan avvist av regjeringa. No har Arbeidarpartiet utarbeidd eit forslag til korleis havområdet kan brukast til både olje, fiskeri, havbruk og skipsfart, men også til nye prosjekt som havvind, hydrogenproduksjon av naturgass og utvinning av havbotnmineral.
Støre seier til avisa at fangst og lagring av CO2 er avgjerande for å nå klimamåla. Lagring av CO2 frå heile Europa i tomme olje- og gassreservoar i Nordsjøen gir òg store moglegheiter for norsk leverandørindustri, meiner han.
Havvind er ein annan viktig del av partiplanen for Nordsjøen, og Ap peikar på at straumproduksjon til havs etter kvart kan bli ei eksportnæring. I første omgang vil Ap ha ein plan som kan gi 3GW frå norsk sokkel innan 2030, skriv Aftenposten.

Publisert: 11.05.2020 10:42
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27