(NPK-NTB): Arbeidarpartiets programkomité opnar for konsekvensutgreiing av eit lite havområde sør for Lofoten, men vil verne det meste av Lofoten, Vesterålen og Senja.
Programkomiteen i partiet la måndag fram det dei kallar ei tredelt løysing i spørsmålet om olje- og gassverksemd utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja.
– Dette er eit særleg sårbart område der det er behov for å vise stor varsemd, særleg når det gjeld dei viktige fiskeriinteressene, seier Ap-leiar Jonas Gahr Støre i ei pressemelding.
Den tredelte løysinga er ein del av forslaget til partiprogram for perioden 2017–2021. Ein samla programkomité, med unntak av AUF-representantane, stiller seg bak løysinga.
– Arbeidarpartiet er spesielt opptatt av at aktivitet skal gi sterkare ringverknader lokalt i Nord-Noreg og vil stille strengare krav til oljeselskapa om dette, understrekar Støre.
(©NPK)

Publisert: 10.01.2017 08:03
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43